Ferievikarar - Fusa bu- og behandlingssenter
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis? Kan ferievikariat i Heimetenester Eikelandsosen vera noko for deg?
Vi ser etter deg som er glad i menneske, løysingsorientert, pliktoppfyllande og arbeidsam. Det er ønskeleg med erfaring frå helse- og omsorgsarbeid for å vere ferievikar hos oss. Du kan vere ung, vaksen eller godt vaksen. Personlege eigenskapar og innstillinga di er viktig for oss, og du vil få opplæring.Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden juni - august (veke 23-35). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe og kva avdelingar. Vikarar som kan jobbe samanhengande i minst 5 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert.
Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.Arbeidsstad
Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingaene ved FBBS som er:
- Miljøavdelinga
- Korttids- og rehabiliteringsavdelinga
- Buavdelinga
- Reinhald og vaskeri
- Kjøkken
Om du har spesielle ønskjer, er det fint om du spesifiserer det i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, reinhald og måltid-/kjøkkenarbeid.
- Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp
- Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
- Studentar innan kokk og servitørfag er aktuelle til produksjonskjøkken / postkjøkken. Søkjarar med anna erfaring vil også bli vurderte
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja sommarjobb hos oss
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
- Kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
- Du er fleksibel, lojal og pliktoppfyllande
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Ein meiningsfull sommarjobb i eit godt arbeidsmiljø med mange interessante og varierande oppgåver. Godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkeserfaring.
- Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
- Ekstra godtgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar der det er aktuelt. Vilkår for bonusopptening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr. 10.000 og 30.000.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
06fa5729-0f31-4ca0-b814-10820181ab66
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3586893_196061_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Sted
Eikelandsosen
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os