Hopp til innhold

Sommarvikar - Dagavdeling på Husnestunet (Veke 26-33)

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar - Dagavdeling Husnestunet
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. mars

Sommarvikar – Dagavdeling på Husnestunet (veke 26–33)

Vil du ha ein meiningsfull sommarjobb der du gjer ein forskjell for andre kvar einaste dag?

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle sommarvikarar til vår dagavdeling i perioden veke 26–33. Hos oss møter du brukarar som kjem for sosialt fellesskap, aktivitet og gode opplevingar i trygge rammer.

Arbeidsoppgåver:
  • Delta aktivt i miljøarbeid og daglege aktivitetar
  • Bidra til trivsel, meistring og sosial deltaking
  • Praktiske oppgåver knytt til måltid og daglege rutinar
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande
Vi legg særleg vekt på personlege eigenskapar:
  • Du er varm, trygg og omsorgsfull i møte med andre
  • Du er positiv og bidreg til eit godt miljø
  • Du er tålmodig og fleksibel
  • Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig
  • Du kommuniserer godt og samarbeider lett med andre
  • Du har evne til å skape gode relasjonar

Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Meiningsfulle arbeidsdagar
  • God opplæring og rettleiing
  • Eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø

Det må leverast politiattest før tiltreding.

Har du lyst til å bruke sommaren på å skape gode dagar for andre? Då håpar vi du søkjer!

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Birthe Tislevoll Eik

Avdelingsleiar

+47 91640785

birthe.tislevoll.eik@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

df5dbef4-0b87-4589-b163-5714a314ce79

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3601685_225955_nn

Lignende annonser