Hopp til innhold

Sommarvikar - avd. byggesak og geodata

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vi søkjer

Er du student, nyutdanna eller ønskjer å teste noko nytt? Vi har sommarjobb på avdeling for byggesak og geodata.

Til Sektor samfunnsutvikling søkjer vi etter sommarvikar i perioden 1.juni - 31.august. Stillinga ligg til Avdeling byggesak og geodata, og er del av eit fagfellesskap med medarbeidarar innan bygge- og delingssak, oppmåling, miljøretta helsevern og eigedomsskatt.

Arbeidsoppgåver

Telefonvakt

Mottakskontroll av byggesaker

Kundekontakt og rettleiing

Oppfølging av meldingar om forureining og forsøpling

Saksbehandling etter plan- og bygningslova

Andre oppgåver innanfor avdelinga sitt arbeidsområde etter behov

Arbeidsstaden er Kvinnherad rådhus, Rosendal.

Kvalifikasjonar

Du ønskjer erfaring innan fleire fagfelt og er tilgjengeleg for arbeid i perioden som er utlyst. Her kan ein vere noko fleksibel på tidlegare/seinare oppstart om det passar med ferieavvikling for avdelinga.

Interesse for offentleg forvaltning / plan og bygningslova vil bli vektlagt.

Erfaring er positivt, men ikkje naudsynt.

Førarkort vil vere positivt, men er ikkje eit krav.

Evne til å setja seg inn i nye oppgåver.

Du må kunne planleggja og disponere tida godt.

Personlege eigenskaper

Ansvarsfull og nøyaktig

Serviceinnstilt

Fleksibel 

Gode digitale ferdigheiter

Sjølvstendig

Det vil bli gitt naudsynt opplæring. Arbeidet krev god organisering og høg grad av sjølvstendig arbeid. Personlege eigenskapar vil difor vege tungt i vurderinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Handeland

+47 40404973

synnove.handeland@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har vel 13.000 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9d8c7d23-1a96-44f0-94c2-75c88ae65b79

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3607593_225971_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser