Hopp til innhold

Anleggsgartnar Veg og park 100 % fast

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Veg og park

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Omtale av stillinga

 

Eining for Veg og park søkjer etter løysningsorientert medarbeidar som kan arbeida sjølvstendig og i team. Vi leiter etter ein  person med erfaring frå vedlikehald av grøntanlegg  og vegvedlikehald både sommar- og vinterdrift.

Frammøteplass vert ved Husnes driftsbase.

 

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for drift av utomhusanlegg, parkar og fri-områder i kommunen.
  • Vedlikehald av kommunale idrettsanlegg, utandørs.
  • Vedlikehald av kommunal veg med tilhøyrande overvassanlegg, t.d. lapping av veg, grøftereinsk, feiing vegbane, skraping, utskifting av overvassrøyr mm.
  • Delta i vinterberedskap og vinterdrift frå start oktober til ut mars.
  • Vedlikehald av teknisk utstyr som høyrer til eininga

Noko manuelt arbeid må påreknast.

Vi søkjer person som har / er
  • fagbrev anleggsgartnar / gartnar (ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
  • fagbrev maskinførar og / eller anleggsfag (ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
  • erfaring frå anleggsbransjen,
  • erfaring som maskinførar og har nødvendig sertifikat for bruk av gravemaskin og hjullaster, M2 og M4
  • ADK-1 sertifikat (dette er ønskjeleg, men ikkje absolutt krav.)
  • førarkort klasse BE, T høg hastigheit ( C1 eller C er ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
  • grunnleggjande datakunnskapar.
  • gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.

 

Lang erfaring kan kompensera for manglande formal kompetanse

Personlege eigenskaper
  • engasjement og interesse for faget.
  • evne til å være sjølvgåande, klara å sjå løysingar og ikkje problem i oppdraga.
  •  gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  •  høg arbeidskapasitet, arbeider nøyaktig og systematisk.
Vi tilbyr
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.

 

-         


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Kvinnherad kommune har vel 13.000 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dee15c4e-2c6b-45c8-abae-5aea490135af

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3605081_226079_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser