Hopp til innhold

Off. godkjent helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Omsorg og sjukeheim, Korttidsavdelinga

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar Korttidsavdelinga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du på jakt etter nye utfordringar? Vil du vere ein del av dei nye helse- og omsorgstenestene? Då er Kortidsavdelinga noko for deg!

I Ørsta kommune, tenesteområdet omsorg og sjukeheim, har vi frå dags dato ledig stilling for off. godkjent helsefagarbeidar.
Korttidsavdelinga er ei spennande avdeling å jobbe i. Her er god dekning med ulik fagkompetanse, og eit godt fagmiljø. Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eigen fysioterapiressurs knytt til avdelinga. Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augeblikkeleg tilbod til pasientar som treng det. Avdelinga har 16 rom.

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring.
Vi ser etter deg som er god på kommunikasjon og samarbeid, som har eit godt humør og evne til å arbeide i eit miljø prega av omstilling og utfordringar. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar saman i team.

Avdelinga jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg.  Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid. 

Som medarbeidar på Kortidsavdelinga vil du få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagdagar, e-læring og kurs. 


Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte. 

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Fokus på forebygging og støtte opp under  brukar sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift   
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutiner og retningslinjer
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent helsefagarbeidar
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du: 

  • er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • arbeider målretta og strukturert 
  • trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • engasjert og løysingsorientert
  • søkjer faglege utfordringar
  • tek initiativ og ansvar 
  • er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
  •  

    Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl helgar

    Stillinga er plassert i HTA kap.4.1.2. Fagarbeidarstilling
    Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar

    Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

    Prøvetid
    Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

    Intern søkjar
    Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

    Dokumentasjon 
    Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

    Om offentleglova
    Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Rakel Birkeli, avdelingsleiar, 480 70 965, rakel.birkeli@orsta.kommune.no
    Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Håkonsgata 78
    6150 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5055489311
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 16.02.2026

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    533f140c-938d-4560-afd9-d81e2cae8a03

    Sist endret

    17. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    e69bc742c40a49d49770cf38e8636e06

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A

    Sted

    Gurskøy