Hopp til innhold

Miljøterapeutar

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Rødstokken 16, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeutar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest mandag 18. mai

Om stillinga og arbeidsstaden

Sogndal ungdomssenter søker etter to miljøterapeuter til 100 % stillingar. Den eine stillinga er fast og den andre stillinga er eit årsvikariat. Stillingane vil innehalde faste møtedagar og pr. no er gjeldande turnus i 3-delt med arbeid kvar 3. helg. For å få ei god samhandling i teamet rundt ungdommane, ser vi verdien av å ha 2-3 nattevaktar  pr. turnusperiode på 6 veker.

Sogndal ungdomssenter er ei institusjonsavdeling for barn og unge i alderen 13 - 18 år som treng eit mellombels institusjonsopphald eller akuttopphald. Institusjonsavdelinga har fire plassar for ungdom i målgruppe omsorg der ein plass er målgruppe akutt omsorg. Avdelinga ligg nær Sogndal sentrum.

Sogndal ungdomssenter legg til rette for omsorg og utvikling gjennom traumebevisst omsorg, målstyrt miljøterapi og tilførsel av kunnskapsbasert kompetanse.

Vi er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid internt og med andre rundt oss. Personalgruppa har vore stabil gjennom fleire år, og vi er oppteken av god kjønsfordeling. Vi oppmodar særskilt menn til å søke.

Verdiane i Bufetat er RÅD, respekt, openheit og deltakelse, noko vi er opptatt av skal prege oss i alle samanhengar og gjere oss i stand til takle dei oppgåvene vi har framover.

Arbeidsoppgåver

  • For miljøterapeut i 3-delt turnus vert ei viktig oppgåve hovudkontaktarbeid knytt til målstyrt miljøterapi.
  • Samarbeid med miljøterapeutisk team og leiing.
  • Samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.
  • Praktiske oppgåver rundt ungdomane og i avdelinga.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Motivere og engasjere ungdomane til positive aktivitetar.
  • Personalmøter og relevant opplæring.
  • Ansvar for sikkerheit og risikovurderingar på vakt.

Kva bakgrunn har du?

Kompetansekrav:
  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (Sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarende 180 studiepoeng. Anna relevant 3-årig høgskuleutdanning kan bli vurdert.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og IKT kunnskapar.
  • Sertifikat kl. B, med manuelt gir.
  • God fysisk og psykisk helse.
Ønska kompetanse:
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge og fleirkulturell erfaring.
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til traumebevisst omsorg og har hatt opplæring/erfaring i Tryggheit og sikkerheit eller tilsvarande kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Vi søker deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig, trygg og robust i vaksenrolla og kan ivareta ungdommane og deira behov.
  • Du kan samstundes oppretthalde ein god struktur, oversikt og eit fagleg perspektiv.
  • Du er fleksibel og trivst med utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav.
  • Du må kunne samarbeide godt både internt i tiltaket og eksternt ut mot samarbeidspartnarar.
  • Du er engasjert, bevisst på di eiga rolle og opptatt av at relasjonar er grunnlaget for godt fagleg arbeid.
  • Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress.Personleg eignaheit vert vektlagt.

Kva får du hos oss?

  • Du får være med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har en stor verdi i seg sjølv.
  • Godt fagleg miljø og fagleg utvikling med gode støttespillarar i arbeidskvardagen
  • Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus; 3-delt turnus og arbeid kvar 3. helg.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.Løn- og stillingsplassering
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleier, 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 600 - 640 00 pr. år.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1173 klinisk sosionom eller klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 - 690 000 pr år.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Sogndal ungdomssenter.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Kontaktperson for stillingen

Tom Andersen

Einingsleiar

+47 466 19 348

tom.andersen@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5339e969-5f5f-47f2-a514-849901b652ae

Sist endret

4. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10294231

Lignende annonser

Laster lignende annonser