Kvilande nattevakter- ca 85 % fast
Bufetat
Rødstokken 16, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Kvilande nattevaktar - 85% fast
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Om stillinga og arbeidsstaden
Sogndal ungdomssenter opprettar no tre faste miljøterapeutstillingar som kvilande nattevakt i omlag 85 % stilling. Lønsteknisk utgjer dette omlag 52 %. Stillingane vil innehalde faste møtedagar, arbeid kvar 3. helg og ei vakt på dagtid i turnusperiode på 6 veker.
Stillingane følgjer den til ein kvar tid gjeldande turnus.
Sogndal ungdomssenter er ei institusjonsavdeling for barn og unge i alderen 13 - 18 år som treng eit mellombels institusjonsopphald eller akuttopphald. Institusjonsavdelinga har fire plassar for ungdom i målgruppe omsorg der ein plass er målgruppe akutt omsorg.
Avdelinga ligg nær Sogndal sentrum.
Sogndal ungdomssenter legg til rette for omsorg og utvikling gjennom traumebevisst omsorg, målstyrt miljøterapi og tilførsel av kunnskapsbasert kompetanse.
Vi er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid internt og med andre rundt oss. Personalgruppa har vore stabil gjennom fleire år, og vi er oppteken av god kjønnsfordeling. Vi oppmodar særskilt menn til å søke.
Verdiane i Bufetat er RÅD, respekt, openheit og deltakelse, noko vi er opptatt av skal prege oss i alle samanhengar og gjere oss i stand til takle dei oppgåvene vi har framover.
Arbeidsoppgåver
- For miljøterapeut i kvilande vakt vil det vere tidspunkt kveld og morgon for arbeidsoppgåver, elles kvilande dersom det ikkje vert behov for aktivitet på natt.
- Ved behov bistå vakande nattevakt i ulike situasjoner som krev to miljøterapeuter.
- Samarbeid med miljøterapeutisk team og leiing.
- Samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.
- Praktiske oppgåver rundt ungdomane og i avdelinga.
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon knytt til målstyrt miljøterapi.
- Motivere og engasjere ungdomane til positive aktivitetar.
- Personalmøter og relevant opplæring.
- Ansvar for sikkerheit og risikovurderingar på vakt.
Kva bakgrunn har du?
Kompetansekrav:- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (Sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarende 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, eller påbegynt treårig relevant høgskuleutdanning, kan vurderast.
- Søkjarar utan høgskuleutdanning, med relevant praksis og fagbrev som til dømes barne- og ungdomsarbeidar, kan og søkje.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og IKT kunnskapar.
- Sertifikat kl. B, med manuelt gir.
- God fysisk og psykisk helse.
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge og fleirkulturell erfaring.
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til traumebevisst omsorg og har hatt opplæring/erfaring i Tryggheit og sikkerheit eller tilsvarande kompetanse.
- Kjennskap til Barnevernloven.
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig, trygg og robust i vaksenrolla og kan ivareta ungdomane og deira behov.
- Du må raskt kunne gå inn i krevjande og uforutsigbare situasjoner.
- Du er engasjert, bevisst på di eiga rolle og opptatt av at relasjonar er grunnlaget for godt fagleg arbeid.
- Du kan samstundes oppretthalde ein god struktur, oversikt og eit fagleg perspektiv.
- Du er fleksibel og trivst med utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav.
- Du må kunne samarbeide godt både internt i tiltaket og eksternt ut mot samarbeidspartnarar.
Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress.
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Kva får du hos oss?
- Du får være med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har en stor verdi i seg sjølv.
- Godt fagleg miljø og fagleg utvikling med gode støttespillarar i arbeidskvardagen.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte
Løn- og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring
- Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleier, 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 600 - 640 00 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1173 klinisk sosionom eller klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 - 690 000 pr år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000–530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400–540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460000–560000.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Sogndal ungdomssenter.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56ce1f1c-0e8f-4e80-a2b7-2d68905ae872
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297012