Hopp til innhold

Ferievikar Fellesvaskeriet

Arbeidsgiver

Omsorg og sjukeheim, Ørstaheimen

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar Fellesvaskeriet
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. april

I tidsrommet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar ved fellesvaskeriet ved Ørstaheimen.

Det vert gjort fortløpande tilsetting.  


Arbeidsoppgåver

Som tilsett på vaskeriet må du ha stå-på vilje og tole høgt tempo. Jobben inneheld mykje fysisk arbeid og det kan vere tunge løft og mykje manuelt arbeid. Arbeidstida er på dagtid kvardagar innanfor tidsrommet 07 -16.

    Kvalifikasjonar

    • Til fellesvaskeriet søkjer deg som likar arbeid der du får brukt kroppen din og som er serviceinnstilt og løysingsorientert.
    • Beherskar norsk munnleg godt. 
    • Ynskje om at du har relevant praksis /erfaring

    Personlege eigenskapar

    • Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
    • Du er engasjert og har godt humør
    • Du ynskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til brukerane våre

    Vi tilbyr

    Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar!  Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.

    Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette. Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette,
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon

    Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

    Informasjon til søkjaren:
    Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad. 
    Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte

    Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.

    Kontaktinformasjon

    Grete Hagen Myklebust, Avdelingsleiar Solkroken, 479 06 593, grete.hagen.myklebust@orsta.kommune.no
    Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Håkonsgata 78
    6150 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5058118160
    Stillingsprosent: 0%
    Sommarjobb
    Startdato: 22.06.2026
    Sluttdato: 09.08.2026
    Søknadsfrist: 01.04.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Wenche Flo

    Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim

    957 12 120

    wenche.flo@orsta.kommune.no

    Grete Hagen Myklebust

    Avdelingsleiar Solkroken

    479 06 593

    grete.hagen.myklebust@orsta.kommune.no

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    51031dff-6f0b-4d00-bef5-3f1dbe5cd692

    Sist endret

    9. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    2516d7afd1d94cb2b44956090f03dc71

    Lignende annonser