Hopp til innhold

Helgestillingar omsorg og sjukeheim

Arbeidsgiver

Ørsta kommune

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar i Omsorg og sjukeheim.
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
6

Søk på jobben

Søk senest fredag 1. mai

Vi har ledig 6 helgestillingar for assistent i tenesteområde Omsorg og sjukeheim.  Stillingane vil i utgangspunktet vere knytt til faste avdelingar, men ved endring i behov vil det måtte påreknast å bytte arbeidsstad.

Arbeidsoppgåver

  • pleie og omsorgsoppgåver i samarbeid med helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og andre kollegaer
  • praktiske og daglege gjeremål knytt til måltid og orden og trivsel på avdelinga
  • bidra til ein god kvardag ved å vere saman med bebuarane og legge til rette for sosial deltaking og aktivitet
  • setje seg inn i daglege rutinar, tiltaksplanar og naudsynt informasjon knytt til bebuar
  • observere bebuarane i det daglege og melde frå til ansvarleg personale ved behov eller endringar hos bebuarane
  • medverke til dokumentasjon, informasjonsflyt og registrering av utførte oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og etter opplæring
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar

  • Det er ikkje stilt spesielle utdanningskrav til desse stillingane, men relevant erfaring innan helse og omsorg vil vere ein fordel
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
  • likar å jobbe med menneske og vise omsorg for andre
  • er ansvarsbevisst, påliteleg og strukturert
  • er positiv, tolmodig og møter andre med respekt og forståing
  • likar å jobbe saman med andre, men også kan utføre oppgåver sjølvstendig
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • eit meiningsfullt og lærerikt arbeid med utfordrande og varierte oppgåver
  • opplæring og oppfølging
  • eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgang til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Arbeidsvilkår: 25 % stilling på helg. Fleire av avdelingane har langvakter på helg.

Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr1.1.Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6572 assistent

Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Arja Hietanen, Avdelingsleiar Bakketun, 481 23 801, arja..helena.hietanen@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5110516463
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Wenche Flo

Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim

957 12 120

wenche.flo@orsta.kommune.no

Arja Hietanen

Avdelingsleiar Bakketun

481 23 801

arja..helena.hietanen@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18f6b22b-3bf0-43b3-9489-960a38c9cd29

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6d647cff32e34817a9b23c7ce691efbe

Lignende annonser

Laster lignende annonser