Deltidsstilling helg
Bu og habilitering, Sande kommune
Prestegardsvegen 31, 6084 Larsnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Deltidsstilling helg
- Type ansettelse
- Annet, deltid 23%
- Arbeidstid
- Turnus, lørdag
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. april
Bu og habiliteringstenesta i Sande kommune treng deltidstilsette som kan ta vakter i helgane. Vi søkjer etter deg som er omsorgsfull, pliktoppfyllande, og ønsker ein meiningsfull jobb. Arbeidet er kvar tredje helg. Vi har både langvakter opp til 12,5t og vakter på 7,5t. Du må vere 18 år. Studentar i relevant studieløp vert oppmoda om å søkje! Stillingane frå 13 % til 23,5 %, alt etter kva type vakter du ønskjer - med arbeid kvar tredje helg.
Bu og habilitering gir hjelp og omsorg til menneske med utviklingshemming og ulike hjelpebehov. Vi har for tida ti bebuarar vi fylgjeropp, i bufellesskap og andre frittliggande bustadar. Tenesta har som mål å gi bebuarane ein meiningsfylt kvardag. Dette inneber utføring av daglege gjeremål og aktivitetar. Vi reiser også på utflukter, som til dømes bading, kino, kafé og ulike kultur- og fritidsarrangement i nærområdet. Vi har også eit dagaktivitetstilbod til bebuarane, som vi jobbar med å vidareutvikle. Eininga består pr. i dag av ca 39 årsverk. Eininga har også ansvar for avlastningstilbodet i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver inn mot brukarar
- Oppfølgjing av brukarar, herunder daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- Samarbeide internt med andre tilsette
Kvalifikasjonar
- Vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar (ufaglært)
- Sjukepleiestudentar, vernepleiestudentar eller andre i relevante studieløp vert oppmoda til å søkje
- Erfaring og kjennskap til arbeid inn mot brukarar med ulik grad av utviklingshemming er ein fordel
- Du må vere 18 år
- Det er ønskeleg at søkjar har førarkort klasse B
- Tilsetjinga krev tilfredsstillande politiattest
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Vere fleksibel og omsorgsfull
- Kan jobbe sjølvstendig og i team
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon både med brukar, pårørande og kollegaer
- Jobbe effektivt, strukturert og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande arbeidskvardag
- Triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- Studentar i relevant studieløp får tillegg i løn som "studentløn"
Kontaktinformasjon
Sjur Strandbakken, Einingsleiar, +47 99768269Arbeidsstad
Prestegardsvegen 316084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5110887994
Stillingsprosent: 23%
Anna
Søknadsfrist: 27.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Sjur Strandbakken
Einingsleiar
+47 99768269
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
043dd373-bd02-4ee0-b4ee-ad62f431d03b
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dbbd8e3b429e4254929165103287e61c