Sommar- og tilkallingsvikar
Sunnmørsheimen, avdelingane Klatrevegen og Nygardsvegen Bufetat
Nygardsvegen 2, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommar- og tilkallingsvikar - 2026
- Oppstart
- 25. mai 2026
- Type ansettelse
- Sesong, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
Har du eit sterkt hovud og varmt hjarte, og eit engasjement for arbeid med barn og unge?
Sunnmørsheimen, avdeling Klatrevegen og avdeling Nygardsvegen ser etter sommar- og tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad/fagbrev, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!
Ved Sunnmørsheimen vil du få ein variert arbeidskvardag og moglegheit til å bli godt kjend med korleis ein jobbar med barn og unge ute på einingane. Hjå oss er det også viktig at arbeidsmiljøet er trygt og raust, slik at vi er i stand til å handtere krevjande situasjonar som oppstår. Ein jobb hjå oss vil gje deg ny kunnskap og praktisk erfaring – og ikkje minst utvide nettverket ditt! Les meir, og bli betre kjent med oss her: https://www.bufdir.no/om/jobb-hos-oss/jobb-i-bufetat-region-midt-norge/
Vi ønskjer ein søknadstekst der du skriver kort om deg sjølv og din relevante erfaring, og om motivasjon for stillinga.
Hjå oss startar ferieavviklinga i uke 26, og vil vare til og med uke 33. Vi søkjer deg som kan jobbe desse vekene. Søkarar som kan binde seg til større stillingar, vil bli prioriterte.
Vi vil fortlaupande invitere aktuelle kandidatar til eit intervju.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til at våre barn og unge får ein trygg og stabil kvardag
- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar
- Gjøre noko saksbehandling i form av skriftleg dokumentasjon og rapportering
- Utføre praktiske gjeremål ved eininga
Kvalifikasjonar
Når det kjem til utdanningsnivå ønskjer vi at du oppfyller minst eitt av følgjande krav- Du er under relevant høgskule-/universitetsutdanning
- Du har ein tre-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet med 180 studiepoeng
- Du har relevant utdanning frå videregåande skule, i kombinasjon med erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du har erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
- I tillegg må du ha førerkort for bil (klasse B), helst med manuelt gir
- Erfaring frå samtaler, kartlegging og arbeid med barn og unge i krise
- Gode IT-ferdigheter
- God skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein trygg voksen som byr på deg sjølv og har eit genuint ønskje om å hjelpe andre
- Du evnar å sjå alle som enkeltindivid og kan skape trygge relasjonar til barn og unge
- Tålmodig og med ein stor evne til empati
- Fleksibilitet og evne til å stå stødig og jobbe målretta i ein stressande og uforutsigbar jobbkvardag
- Fordi arbeidet på einingane kan vere både fysisk og psykisk krevjende, stilles det krav til alminneleg god helse
For oss er det også svært viktig korleis du vil passe inn hos oss, og om du som person eignar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
Hos oss vil du også få
- Delta i sosiale tiltak sammen med gode kollegaer
- Eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
- Moglegheita til å bidra til å gjere ein forskjell for sårbare barn og unge
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Stian Bjerkvik, Einingsleiar, 97771818, stian.bjerkvik@bufetat.noTobias Vassbotn Evebø, Avdelingsleiar, 46617656, tobiasvassbotn.evebo@bufetat.no
Arbeidssted
Nygardsvegen 26103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5067052788
Stillingsprosent: 80%
Sommarjobb
Startdato: 25.05.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge femnar om fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionen sin administrasjon er lokalisert i Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
70d6071c-45f5-4e2b-a5ed-299aeb21b0a1
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
687c2e62f1494eb8b037cda5b7771429