Hopp til innhold

Tiltaksansvarleg Familie- og ungdomsstøtte

Arbeidsgiver

Volda kommune, Avdeling helsestasjon

Sted

Stormyra 2, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Tiltaksansvarleg Familie- og ungdomsstøtte
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Har du engasjement for tidleg innsats og fokus på familieperspektivet i møte med barn, unge og familiar som treng ekstra støtte? Då kan det vere deg vi ser etter.

Frå januar 2025 etablerte kommunen ein ny seksjon familie- og ungdomsstøtte (FUS) som skal følgje opp rettleiar for psykisk helsearbeid barn og unge. Saman med helsestasjonen utgjer denne seksjonen avdeling Barn og familie, som er er ei tverrfagleg samansett avdeling med helsesjukepleiar, jordmor, fysioterapeut, psykolog og foreldre- og ungdomsrettleiar. Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og som tiltaksansvarleg i FUS vil du ha eit overordna ansvar for å utvikle BTI-arbeidet vidare i kommunen. Tiltaksansvarleg i FUS har ansvar for mottak av meldingar, koordinering og fordeling av oppgåver. Den som blir tilsett skal arbeide både direkte med barn, ungdom og føresette, men også ha systemarbeid. 


Arbeidsoppgåver

  • Mottak av meldingar, koordinering og fordeling av oppgåver til familie- og ungdomsstøtte (FUS)
  • Sjølvstendig og i team yte teneste til barn, unge og familiar med behov for tiltak i FUS
  • Systemarbeid knytt til prosedyrar, planarbeid og samhandling
  • Følgje opp, koordinere og kvalitetssikre BTI-arbeidet

Arbeidsoppgåvene vil kunne bli endra etter behov.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning, gjerne innan helse- eller sosialfag
  • Relevant kompetanse og erfaring innan familieterapi kan vere ein fordel
  • Relevant kompetanse og erfaring innan foreldrerettleiing er ønskeleg
  • Relevant kompetanse innan rus, psykisk helse eller tidleg innsats kan vere ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar kan vere ein fordel
  • God digital kompetanse
  • God framstillingsevne både munnleg og skriftleg

Den som får tilbod må framlegge tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

  • Har interesse og engasjement for barn, unge og familiar
  • Ser verdien i god førebygging og tidleg innsats
  • Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er positiv, strukturert og utviklingsorientert
  • Har evne til å etablere gode relasjonar
  • Er fleksibel og endringsvillig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling som krev høg grad av samskaping med brukarar, andre tenester og fagfelt
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit tverrfagleg og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Vi ber om at søkjar lastar opp vitnemål og attestar og legg dette ved søknaden i webcruiter.
I samsvar med offentleglova § 25, har søkjar høve til å be om unntak frå offentleg søkjarliste. Dette må grunngjevast i søknaden. Søkjaren sine behov vil bli vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om innsyn. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar bli kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste blir utforma.

Kontaktinformasjon

Kari-Janne Ljones Kulø, Avdelingsleiar barn og familie, +47 99435473, kari.janne.kulo@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5132226917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Kari-Janne Ljones Kulø

Avdelingsleiar barn og familie

+47 99435473

kari.janne.kulo@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e8a7bfc2-2b40-4fde-a97d-52516ca08a1b

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dee71057d7384f99a84415d4581a9219

Lignende annonser

Laster lignende annonser