Hopp til innhold

Pedagogisk leiar, 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing 100% fast pedagogisk leiar frå august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Om stillinga

Kom til Gulen og jobb som pedagogisk leiar! 

Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå nytt barnehageår, medio august 2026. Eining Eivindvik barnehage og skule er gode på å bruke naturen og elles nærområde i sitt pedagogiske opplegg. Dagsturhytta er, til dømes, flittig brukt av både små og store. Drøymer du om ein jobb der du får bety noko for andre – kvar einaste dag? Då er du hjarteleg velkomen til å skje hjå oss!  


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn over tariff

Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for barnehagelærar 

  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 

  • Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktperson for stillingen

Ann-Norunn Leknes

Avdelingsleiar barnehage ved Eivindvik barnehage og skule

+4794809967

ann.norunn.leknes@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50f16b9c-b8a1-4e4c-a196-19b55e09a500

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288916

Lignende annonser

Laster lignende annonser