Hopp til innhold

Sommarvikarar Brekke barnehage og skule 

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke

Om jobben

Stillingstittel
Brekke barnehage og skule. Sommarvikarar 2026
Type ansettelse
Feriejobb, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 4. mai

Sommarvikar i barnehage og på SFO

Gulen kommune har behov for ferievikarar ved Brekke barnehage og skule, avdeling barnehagen og SFO. I hovudsak vil det vere snakk om arbeid i slutten av juni/starten av juli og slutten av juli/oppstart av august. Skriv i søknaden din kva veker du kan jobbe og kva avdeling som er ynskjeleg. 


Arbeidsoppgåver

  • Medverke til at barnehagen og SFO er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna:
    • vere til stades for barna
    • vere engasjert i barna 
    • passe på så ingen fell utanfor
    • sette deg godt inn i alle rutinar
    • andre praktiske oppgåver
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 

  • Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring, men andre kan også søkje
  • Det kan vere ein fordel om søkjar har førarkort kl B
  • Gyldig politiattest etter aktuelle lovheimlar

Personlege eigenskapar 

  • Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane 
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for born og vaksne
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg infomasjon. Dersom søkjar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
  • Løn etter tariff

Kontaktperson for stillingen

Bjarte Undertun

Einingsleiar Brekke barnehage og skule

+4798696648

bjarte.undertun@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6043d5f8-43ab-4742-941d-d3b5e3304ed1

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292092

Lignende annonser

Laster lignende annonser