Hopp til innhold

Utdanningsstilling - barnehagelærar

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Gulen kommune. Utdanningsstilling barnehagelærar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Vil du bli barnehagelærar og ynskjer å sikre deg ein 100% fast stilling etter fullført studie? 

Sjekk ut annonsen til Gulen kommune og søk då vel! 


Informasjon om stillingane 

Gulen kommune har ledige ei utdanningsstilling innan barnehagelærarutdanninga. Stillinga er knytt til heile kommunen, men for tida er stillinga tenkt til Eivindvik barnehage og skule. Denne stillinga er tenkt til deg som allereie har starta på barnehagelærarutdanninga og er i eit deltidsløp. Vi vil lage ein god plan saman med studenten som får tilbodet, kor vi avtalar oppstart, studieløp, vilkår og plan vidare. 

Den som vert tilsett i utdanningsstillinga er å rekne som ordinært tilsett, og utfører ordinære arbeidsoppgåver ut i frå kompetanse og erfaring. Vi avtaler tilpassing av stillinga til studieløpet.  

Gulen kommune ynskjer å bruke utdanningsstipend som eit ledd i vår arbeidsgjevarstrategi. Føremålet med stipendordninga er å rekruttere og behalde den til ei kvar tid nødvendige fagkompetansen i organisasjonen, og dekke kompetansebehovet i alle einingane våre. Ved tilsetjing i utdanningsstilling vert ein fast tilsett med atterhald om godkjent fullført bachelor innan barnehagelærarutdanninga etter avtalt studieløp, samt bindingstid i kommunen på to år etter fullført utdanningsløp. 


Litt om barnehagane i Gulen kommune 

Gulen kommune har fire skulekrinsar, med barnehage i alle krinsane. Vi har stort sett nye barnehagebygg, og barnehagane har mellom to og tre avdelingar. 

Barnehagane i Gulen kommune har: 
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.  
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for student og nyutdanna pedagogar. 
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing 
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen. 

Arbeidsoppgåver som barnehagelærar

  • Bistå pedagogisk leiar ved planlegging, iverksetjing, dokumentering, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde 
  • Bidra til å leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar 
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga 
  • Delta i den daglege drifta 
Som student vert oppgåvene tilpassa kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar 

  • Dokumentasjon på studieløp til i samlingsbasert utdanning  
  • Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg 
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar som vert vektlagt 

  • Kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart barn, og skape gode og trygge relasjonar i kvardagen 
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø  
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner 
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing 

Vi tilbyr 

  • Årleg stipend på kr. 75.000,- pr. studieår 
  • Studenten får permisjon for praksis og samlingar, ev. tilrettelegging av arbeidstid der det er mogleg 
  • Studenten vert løna etter tariff. Når studenten kan dokumentere bestått 120 studiepoeng, vert studenten løna som ferdigutdanna   
  • Det vert anbefalt at studenten både jobbar og studerer på deltid, slik at samla arbeidsbelastning ikkje vert for stor 
  • Fast 100% stilling etter fullført utdanning

Kontaktpersoner for stillingen

Ann Norunn Leknes

Avdelingsleiar barnehage ved eining Eivindvik barnehage og skule

+4794809967

ann.norunn.leknes@gulen.kommune.no

Veslemøy Dingen

Einingsleiar Eivindvik barnehage og skule

+4794826408

veslemoy.dingen@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

03cf2ddf-7746-4ace-bc17-2e3854e55906

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293201

Lignende annonser

Laster lignende annonser