Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. mai
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr
Vi har ledig:
Stillinga er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart 1. juni eller etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane.
- Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve.
- Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar.
- Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik.
- Rettleiing av studentar og kollegaer.
- Samhandling med kommunar.
- Kontinuerlig forbetringsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert
- Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
- Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav.
- Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet.
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du har eit fagleg engasjement
- Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
- Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du er positiv og har gode haldningar
- Du er pasientorientert
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, +47 70105885, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.noKjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5112407693
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 29.08.2027
Søknadsfrist: 19.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
50d72f6c-d436-49e6-acf4-45926251c180
- Sist endret
5. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8e5a6c16b08940099510a3cb8687df4e