Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk sengepost B, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
6

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Vi på kirurgisk sengepost B har no ledig 3 x 80% faste stillingar og 3 x 80% vikariat for sjukepleiar!

Kirurgisk sengepost B høyrer til under avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi behandlar pasientar innan fagfelta urologi, gynekologi, endokrinkirurgi, gastroenterologisk kirurgi og generell kirurgi. Sengeposten er ein spanande arbeidsplass med mange engasjerte tilsette med brei fagleg kompetanse og kunnskap. Arbeidsdagane og arbeidsoppgåvene er varierte, og ingen dag på jobb er lik. Vi er ein gjeng som er opptekne av å ta vare på kvarandre, dele kunnskap og skape eit trygt arbeidsmiljø med plass til alle. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen. 
Vi har stort fokus på fag, og sett av dagar i turnus til fagleg utvikling.

Vi har ledig:

  • 3 x 80% fast stilling
  • 3 x 80% vikariat

Stillingane er i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3.helg. Om du ønskjer langvakter og arbeid kvar 4.helg er det også ei moglegheit.

Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfull kvardag!
Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
  • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåver 
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit 
  • Rettleiing av studentar og kollegaer 
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • 3. års sjukepleierstudentar som mottek autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2026 kan også søke
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er engasjert og lærevillig 
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team og i samarbeid med andre profesjonar 
  • Du må trivast i eit aktivt og periodevis hektisk miljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Margrete Rypdal, Seksjonsleiar, margrete.rypdal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5125122037
Stillingsprosent: 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Margrete Rypdal

Seksjonsleiar

margrete.rypdal@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4e0ad876-21fc-4271-8d41-84559c1affb4

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

378de33eee69475fb23b47634f38bb3d

Lignende annonser

Laster lignende annonser