Vil du bidra til UiBs satsing på ekstern finansiering? Vi søker rådgjevar innan prosjektøkonomi
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vil du bidra til UiBs satsing på ekstern finansiering? Vi søker rådgjevar innan prosjektøkonomi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. desember
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga
Universitetet i Bergen (UiB) er eit by-universitet med campus midt i Bergen sentrum. Vi har nær 21 000 studentar og rundt 4 200 tilsette, og ein sterk internasjonal profil som gir tett samarbeid med universitet over hele verden.
Økonomiavdelinga har ansvar for å utforme UiBs økonomiske retningslinjer og sikre god økonomiforvaltning. Avdelinga har ca. 85 medarbeidarar og jobbar med budsjett, innkjøp, lønn, rekneskap, prosjektøkonomi, kvalitetssikring og utvikling av administrative system.
UiB satsar strategisk på å auke sin eksternt finansierte prosjektportefølje, som i dag er på ca. 1,3 milliardar kroner. Som rådgjevar blir du ein del av eit team på 10 medarbeidarar i Seksjon for prosjektøkonomi, og du vil samarbeide tett med forskarar og BOA-teamet (Bidrag og Oppdragsaktivitet) på tvers av fagmiljø.
Du får varierte oppgåver i alle prosjektfasar – frå søknadsarbeid til avslutning – og moglegheit til å bidra til digitalisering og utvikling av prosessar. Rolla gir unik innsikt i spennande forskingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsoppgåver
- Økonomisk og administrativ rådgiving for eksternfinansierte prosjekt
- Systemekspert på søknads- og prosjektmodulen i Unit4
- Fagekspert på utvalde finansieringskjelder
- Financial manager for EU-koordinatorprosjekt
- Gjennomføre internkontrollar og revisjonar
- Bidra til digitalisering og prosessutvikling innan prosjektøkonomi
- Opplæring av prosjektleiarar, økonomar og rådgjevarar
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonskrav- Høgare utdanning innan økonomi/administrasjon (fortrinnsvis master). Lang, relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring med økonomioppfølging og rådgiving i større verksemder (gjerne 5 år eller meir)
- Evne til å forstå komplekse regelverk
- Svært gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- Solid regnskaps- og tallforståing
- God digital kompetanse
Ønska kvalifikasjonar
- Kjennskap til EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd
- Erfaring med Unit4 eller tilsvarande ERP-system
Personlege eigenskapar
- Motivasjon for økonomi og administrasjon i forskingsprosjekt
- Serviceinnstilt, initiativrik og samarbeidsorientert
- God formidlingsevne og trygg i opplæringsrollen
- Sjølvstendig og strukturert, med evne til å handtere mange oppgåver samtidig
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gunstige låne- og forsikringsordningar
- Lønn som rådgjevar (kode 1434) kr. 700 000 - kr. 820 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Karrieremoglegheiter
Hos UiB får du gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling. Vi tilbyr:
- Kompetanseutvikling og kurs gjennom UiBs interne opplæringsprogram
- Karrierevegar innan økonomi, prosjektleiing og forskingsadministrasjon
- Eit stort fagleg nettverk på tvers av avdelingar og samarbeid med nasjonale og internasjonale aktørar
- Intern mobilitet i ein organisasjon med mange spennande stillingar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan innhentast ved å kontakte seksjonsleiar Kari Eidsheim på telefon 41 50 64 22 eller via e-post: kari.eidsheim@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om Økonomiavdelinga her: https://www.uib.no/oka
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
49b0f508-a436-460c-9432-950111c6fb48
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270945
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen