Hopp til innhold

Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Magnus Lagabøtes Plass 1, 5010 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 18. mai

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Seniorkonsulent (studieadministrasjon)

Ein av Norges mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar.

Bli ein del av vårt tverrfaglege studieadministrative miljø som jobbar for å utdanne framtidas juristar! Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med utviklingsmoglegheiter.

I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorkonsulent.

Du blir del av eit engasjert og kompetent team som legg til rette for eit godt studieløp for studentane og bidrar til å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Vi er stolte av studiet fakultetet tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar. 


Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneber eit breitt spekter av studieadministrative oppgåver, til dømes

  • Administrative oppgåver som støttar undervisningsaktivitetar for studentar og undervisarar
  • Koordineringsarbeid knytt til eksamenar og sensur
  • Saksbehandling av ulike typar studiesakar
  • Studentinformasjon

Denne stillinga er ideell for deg som er fleksibel og trivst med variasjon. Du må kunne skifte fokus raskt, handtere endringar, halde hovudet kaldt i hektiske periodar, og samstundes jobbe effektivt og nøyaktig. Vi ønskjer ein person som kan ta initiativ til forbetringar og bidra positivt og motiverande i både det faglege og det sosiale fellesskapet. 

Som følgje av implementering av ny studieordning kan det bli endringar i arbeidsoppgåvene, men vi vil så langt det er mogleg tilpasse arbeidsoppgåver og ansvarsområde til din kompetanse og interessefelt. Alle tilsette i administrasjonen må, i tillegg til spesifikke funksjonar som ligg til stillinga, ivareta andre administrative oppgåver.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du har

  • mastergrad. Bachelorgrad saman med lang, relevant administrativ erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande mastergrad. Kandidatar frå alle fagområde blir oppmoda til å søkje, og du treng ikkje ha juridiske emne i graden
  • erfaring frå studieadministrativt arbeid, og anna administrativt arbeid som t.d. relevant saksbehandling og prosjektarbeid er ein føremon. Har du erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan dette også vere relevant
  • generelt god IT-kompetanse 
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du er

  • ein gjennomførar som evnar å arbeide sjølvstendig, og tar initiativ 
  • lærevillig, analytisk og effektiv 
  • fleksibel, omstillingsdyktig, ansvarsbevisst og sjølvgåande
  • god til å prioritere, og trivst med å drive fram og halde orden på fleire parallelle prosessar
  • en lagspelar med forståing for heilskapen
  • dyktig til å formulere deg både skriftleg og munnleg på norsk (begge målformer) og engelsk

Vi legg særskild vekt på personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga. 


Vi kan tilby:

  • Sjølvstendig ansvar og varierte og utfordrande oppgåver
  • Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø  
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 586 100  - 630 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Kontaktperson for stillingen

Christine Stoltz Olsvik

Assisterande fakultetsdirektør / leiar for studieseksjonen

+47 911 47 401

christine.olsvik@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c614bac3-22e8-492f-8a32-0d01f6688701

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292066

Lignende annonser

Laster lignende annonser