Hopp til innhold

Rådgjevar/seniorrådgjevar - Offentlege anskaffingar/kontraktar

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - Offentlege anskaffingar/kontraktar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 4. mai

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
 

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga:

Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp, er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar ved kontraktgruppa. Som rådgjevar for anskaffingar og kontraktar vil du få ei spanande rolle i eit kompetanseteam som både handsamar enkeltanskaffingar og rammeavtaler for heile universitetet.

Seksjon for innkjøp har ei viktig rolle for at universitetet skal nå sine mål både kva gjeld fagleg og administrativ aktivitet, samt målsettinga om eit berekraftig universitet. Seksjon for innkjøp har ansvar for alle interne og eksterne forhold som gjeld innkjøp ved universitetet, og har tilsette med økonomisk, juridisk og teknisk bakgrunn med særleg kunnskap om anskaffingar. Seksjonen gir støtte og råd til universitetets fakultet, institutt, avdelingar og dotterselskap. Seksjonen arbeider tett med fagpersonar og andre bidragsytarar for å finne dei beste løysingane. Se vår anskaffingsstrategi for meir informasjon (https://www.uib.no/oka/77663/universitetets-anskaffelsesstrategi).

UiB kjøper for ca. 1,9 milliard pr. år, og seksjon for innkjøp har 24 årsverk. Seksjonen er delt i to grupper; kontraktgruppa og bestilling til betaling (BtB) gruppa. Vi bruker digitale verktøy og malar, og arbeider kontinuerleg med forbetring av desse.

Vi søker ein allsidig, kompetent og fleksibel medarbeidar som er interessert i innkjøp og offentlege anskaffingar som fag. Søkjaren bør også ha interesse for universitetets kjerneverksemd (forsking, undervisning og formidling) og god forståing for vår rolle som støttefunksjon.

Kvifor velje oss?
Universitetet har ei stor bredde i innkjøpa. Hos oss får du difor moglegheita til å jobbe med mange ulike faglege utfordringar. Seksjon for innkjøp har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den administrative og faglege verksemda, og du blir ein viktig del av dette. Vi har mange anskaffingar på engelsk, og på norsk kan du velje mellom å skrive bokmål og nynorsk.


Arbeidsoppgåver:

Som del av kontraktgruppa skal du sørge for og leie gjennomføring av offentlege anskaffingar på ein god og kostnadseffektiv måte innanfor regelverket:
 

  • Gi støtte og råd ved større enkeltkjøp og rammeavtaler:
     - Utarbeide konkurransestrategi
     - Utforme invitasjonar og konkurransegrunnlag
     - Evaluere tilbod og tildele kontraktar
     - Forhandle kontraktar
     - Administrere og følgje opp inngåtte kontraktar
  • Utarbeide leverandøranalyser og marknadsundersøkingar
  • Leverandørutvikling
  • Kontroll og tilsyn av rammeavtaler
  • Informasjonsarbeid og medverking ved intern opplæring

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på masternivå, med økonomiske, juridiske eller tekniske fag i fagkrinsen. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • Erfaring frå gjennomføring av anskaffingar
  • Kunnskap om eller kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar
     

Søkjaren bør i tillegg ha:

  • Erfaring frå kontraktarbeid og annan relevant praksis
  • Erfaring med elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • Evne til å ta initiativ og samarbeide
  • Gode evner til skriftleg og munnleg formulering
  • Gode kvalifikasjonar i engelsk både skriftleg og munnleg


Personlege eigenskapar blir vektlagt. Den som blir tilsett må vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse.


Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i et godt arbeidsmiljø/ Ei spanande, kompleks og utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø
  • Opplæring
  • Gode kollegaer som deler kunnskap
  • Løn som rådgjevar (stillingskode 1434) i årsløn kr. kr 670.000 - 770.000 eller seniorrådgivar (kode 1364) i l årsløn kr. 750.000 - 850.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade og gruppelivsforsikring
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: innkjøpssjef Kjetil Skog anten på mobil 40 62 44 30, eller e-post: kjetil.skog@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

72bb2497-1a29-47c9-a804-f7348823ac87

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10291066

Lignende annonser

Laster lignende annonser