Økonomikonsulent / -rådgjevar
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5006 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Økonomikonsulent/-rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. april
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAØkonomikonsulent / -rådgjevar
I fakultetsadministrasjonen ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi (NT-fakultetet) er det ledig stilling som økonomikonsulent / -rådgjevar.
Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 900 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliard kroner.
Økonomiseksjonen ved NT‑fakultetet består av om lag 25 høgt utdanna medarbeidarar som held til i Realfagbygget. Seksjonen er organisert i tre temagrupper: totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Vi leverer økonomitenester og -støtte til både fakultetet og alle institutt og senter som høyrer til fakultetet. Den utlyste stillinga er knytt til temagruppa generell økonomi.
Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Hos oss vil du bli del av eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø og få varierte og sjølvstendige oppgåver innan økonomifeltet. Stillinga rapporterer til seksjonssjef.
Arbeidsoppgåver
Døme på arbeidsoppgåver for ein økonomikonsulent / -rådgjevar:
- Saksbehandle lokale anskaffelser og innkjøp
- Behandle inngående fakturaer
- Opprette og følje opp utgåande fakturaer
- Internfakturering, rekneskapskorreksjonar og andre rekneskapsrelaterte oppgåver
- Følgje opp anleggsregisteret
- Oppretting, oppfølging og avslutting av mindre eksternfinansierte prosjekter
- Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål
- Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar
- Bidra til å styrke det administrative samarbeidet internt på fakultetet og med institutta
- Annen sakshandsaming
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar- Utdanning på masternivå er eit føremon, men bachelorutdanning med relevante fag i fagkrinsen og gode resultat kan òg vurderast.
- God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad.
- God rekneskaps- og tallforståing er ein føresetnad.
- Kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar er eit føremon
- Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
- Nyutdanna kandidatar, både med bachelor- og mastergrad, er òg aktuelle.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Vi søkjer ein person som
- er fleksibel, strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
- har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
- er initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
- er serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årslønn mellom kr 590 000 og 640 000 eller som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn mellom kr 640 000 og kr 750 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- kompetanse- og karriereutvikling med eit allsidig kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
- fleksibel arbeidstid med moglegheit for noke heimekontor
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seniorrådgjevar Tine Charlotte Overå telefon 55 58 31 88 / e-post tine.overa@uib.no eller seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post trine.lie@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
628595e5-92c8-47dd-af04-ad6f6d3c531e
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10289845