Hopp til innhold

Seniorkonsulent (studiekonsulent) - fast stilling

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Høyteknologisenteret i Bergen, Thormøhlensgate 55b, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seniorkonsulent (studiekonsulent) - fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Seniorkonsulent 

Vil du vere med å vidareutvikle nokon av UiB sine mest ettertrakta studieprogram?

Institutt for informatikk har ei ledig fast stilling som seniorkonsulent (studiekonsulent). Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til saksbehandling, rettleiing og utvikling av studieadministrasjonen i eit sterkt fagmiljø – og som likar å jobbe tett på både studentar, undervisarar og studieprogram.

Som del av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag beståande av ein studieleiar og fem studiekonsulentar. Seksjonen arbeider direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for saksbehandling, rettleiing og vidareutvikling av utdanningstilboda våre. Du blir òg ein del av det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi og institutta som høyrer til der.

Stillingen rapporterer til administrasjonssjefen. Studieseksjonen er del av ei instituttadministrasjon med 13 medarbeidarar. Målet vårt er å leggje best mogleg til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

 

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer informatikk stadig viktigare i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen skal lukkast.

Institutt for informatikk bidreg gjennom åtte forskingsgrupper innan algoritmar, bioinformatikk, fagdidaktikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab.

Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Vi har om lag 1000 studentar og 150 tilsette, inkludert 36 professorar/førsteamanuensar.

 


Arbeidsoppgåver

Som seniorkonsulent vil du få eit breitt spekter av varierande og utfordrande oppgåver innan studieadministrasjonen, mellom anna:

  • koordinering av undervisninga i INF100 – Innføring i programmering, eitt av UiB sine største emne med rundt 600 studentar pr. semester
  • rekruttering og koordinering av studentmedarbeidarar til undervisningsassistanse og «orakeltenesta»
  • timeplanlegging av emne
  • bidra i eksamensarbeidet, inkl. klagesaker, som del av eksamensteamet
  • sekretærfunksjon for programstyret i Computer Science
  • anna saksbehandling, utgreiing og utviklingsoppgåver som krev sjølvstende og problemløysingsevne

Oppgåveporteføljen kan bli endra over tid.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha:
  • utdanning på mastergradsnivå
    – bachelorgrad kombinert med lang relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad.
  • god digital kompetanse og evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk, nynorsk og engelsk

 

Det er ein føremon om du har:
  • relevant praksis innan saksbehandling og rettleiing
  • kjennskap til dei felles studieadministrative systema ved universitetet
  • erfaring frå universitets- og høgskulesektoren

 

Personlege eigenskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga, mellom anna:

  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • evne til å videreutvikle og forbedre interne rutiner
  • fleksibilitet, initiativ og problemløysingsevne
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
  • fast stilling som seniorkonsulent (kode 1363)  i samsvar med det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 586 100 - 630 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, nyttast reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b31fea31-5618-420e-a0d0-ed9f521354e0

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10291072

Lignende annonser

Laster lignende annonser