Hopp til innhold

Akuttsjukepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver

Felles akuttmottak, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Akuttsjukepleiar/sjukepleiar
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du jobbe der det skjer – og der du får brukt både hovudet og hendene?

 I Felles akuttmottak tek vi imot rundt 60 pasientar i døgnet – alt frå små skadar til livstrugande tilstandar. Hos oss er ingen dagar like, og du blir del av eit fagmiljø som samarbeider tett og støttar kvarandre.

👉 Søk i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • Mottak, stabilisering og behandling av pasientar med behov for akutt hjelp.
  • Samhandling i tverrfaglege team.
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette.

Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for 12-timars turnus.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning i akutt­sjukepleie.
  • Minimum 2 års erfaring frå akuttmottak eller annan relevant erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning.
  •  Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
  • samarbeider lett med andre, men tek òg sjølvstendige val
  • tek ansvar og bidreg aktivt i kvardagen
  • kommuniserer tydeleg og med omtanke
  • har god digital kompetanse
  • møter andre med respekt, deler kunnskap, og er med på å skape ei positiv stemning i avdelinga.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Ei variert stilling der du får brukt faget ditt – og utvikla deg vidare gjennom nye oppgåver og erfaringar i kvardagen.
  • Høve til 12-timars turnus (etter avtale og i tråd med gjeldande ordningar).
  • Eit arbeidsmiljø med godt samhald – der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og har det triveleg på jobb.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627, trude.karoliussen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5052118975
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 29.12.2025

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

47479ee5-249f-4315-8254-2ec098cd8514

Sist endret

30. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

3730c48268224d3a9cdab43e3ccbfaca

Lignende annonser

Laster lignende annonser