Vi søkjer sjukepleiar på natt
Haugaland DPS - Haugesund
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske som treng psykisk helsehjelp?
Ved Haugaland DPS blir du ein del av eit fagmiljø som kvar dag arbeider for å gi trygg og god behandling til pasientane våre.
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus og har lokale sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi tilbyr eit breitt behandlingstilbod som omfattar allmennpsykiatriske poliklinikkar, FACT-, ACT- og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Ved avdelinga vår i Haugesund har vi i dag 28 døgnplassar fordelt på to psykoseavdelingar og ei allmennpsykiatrisk avdeling. Stillinga er tilknytt allmennpsykiatrisk sengepost, men vil innebere arbeid på alle dei tre døgnpostane.
Kva går jobben ut på?
- Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet, du vil derfor få ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande.
- Nært samarbeid med aktuelle eksterne instansar.
- Opplæring og rettleiing av studentar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning innan rus eller psykiatri er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Må ha gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskaper og relevant erfaring blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- kan arbeide godt både sjølvstendig og i team.
- beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar.
- behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt.
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Carl Enoksen, Funksjonsleiar, 91716795, carl.enoksen@helse-fonna.noArbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5088178186
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5643dddf-aa39-4945-a594-4df77fde7623
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
589dbb842ee04fb9a565710f1533d246
Lignende annonser
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Sted
Haugesund
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Avdeling for eldremedisin Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
BUP Haugesund
Sted
Haugesund