100% Stilling som Helsefagarbeidar ved Austevoll pleie og omsorgssenter
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- 100% Stilling som Helsefagarbeidar ved Austevoll pleie og omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Stillinga er fast i 100 % og omfattar dag- og kveldsvakter, inkludert nokre langvakter. Ei full stilling utgjer 35,5 timar per veke. Per i dag er stillinga i turnus med langvakter kvar fjerde helg. Turnusen kan endrast ved ny årsturnus dersom det er ønskjeleg.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra. Kommunen er ein TØRN-kommune med målretta oppgåvedeling, effektive arbeidsprosessar og kontinuerleg utviklingsarbeid.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Utføre grunnleggjande pleie og omsorg, inkludert personleg hygiene, stell og daglege gjeremål
- Sikre god forflytning og mobilisering av bebuar, og bruke aktuelle hjelpemiddel på ein forsvarleg måte
- Observere endringar i helsetilstand og dokumentere i elektronisk pasientjournal. Vi venter på nytt pasientjournalsystem, for tida bruker vi Profil.
- Delta i legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar og delegeringar
- Utføre enkle medisinske prosedyrar, som sår stell, måling av vitale parameter og kateterstell
- Leggje til rette for, og hjelpe til ved måltid, samt følgje opp ernæringsstatus
- Skape tryggleik, trivsel og aktivitet gjennom samtale, samvær og tilpassa aktivitetar
- Samarbeide tett med sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og pårørande
- Følgje gjeldande smittevernrutinar, hygieneprosedyrar og interne kvalitetssystem
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og vere ein aktiv del av det tverrfaglege teamet.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:- Off. godkjent helsefagarbeidar.
- Gyldig politiattest
Vi søkjer deg som:
• likar å arbeide med menneske
• kan jobbe sjølvstendig og strukturert
• er trygg, ansvarsbevisst og påliteleg
• er empatisk og god til å kommunisere
• er løysingsorientert og samarbeidsvillig
• held hovudet kaldt og er stabil i krevjande situasjonar
• bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
• har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
• Ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass med høg kvalitet i pasientbehandlinga
• God opplæring og tett oppfølging i starten
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling, til dømes gjennom kurs
• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med brei tverrfagleg kompetanse
• Årsturnus der du får høve til å påverke eigen turnus
• Konkurransedyktig løn etter tariff, tillegg og gode pensjons- og forsikringsordningar
• Tilrettelegging med omsyn til stillingsprosent
• Moderne og godt utstyrte arbeidslokale
• Ein moderne arbeidsplass med bruk av velferdsteknologi
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
455ae759-d32c-4bc8-89af-f372299ab5b1
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297997