Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet søkjer ny førstekonsulent/rådgjevar
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Einar Gerhardsens plass 3, Oslo, 0180 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- DIA EKOM Førstekonsulent/rådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. mai
Om stillinga
Vi skal utvikle eit nytt og endå betre nødnett – framtidas nødnett. Nødnett er det viktigaste arbeidsreiskapet for blålysetatane og er heilt avgjerande for at politi, brann- og helsetenesta saman kan redde liv – kvar einaste dag. Til dette arbeidet treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar som ønskjer utfordrande, viktige og krevjande arbeidsoppgåver, i skjeringspunktet mellom teknologi, økonomi, jus og samfunnsfag.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er oppdragsgjevar for nytt nødnett og har det overordna ansvaret for dette megaprosjektet. Vi koordinerer arbeidet saman med fleire departement. I fellesskap forvaltar vi store ressursar og har ansvar for at desse blir nytta på ein forsvarleg og riktig måte.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, skal bidra med:
- arbeid i prosjektrådet, mellom anna å førebu og følgje opp møte i prosjektrådet
- å sikre eit relevant, oppdatert og kvalitetssikra avgjerdsgrunnlag på ulike nivå
- god dialog med berørte departement og Nkom
- å leggje til rette for kvalitetssikring av prosjektet, i tråd med rundskriv R-108/25 frå Finansdepartementet
- å sjå til at prosjektet blir gjennomført i samsvar med økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen
- å gi innspel til og kvalitetssikre det løpande arbeidet med statsbudsjettet
- DFD sitt arbeid med å følgje opp nye store investeringsprosjekt
- relatert arbeid med tryggleik og robustheit
Vi søkjer deg som har
Nødvendige kvalifikasjonarDet er krav om:
- mastergrad i økonomi, statsvitskap, jus eller tekniske fag
- for tilsetjing som rådgjevar er det krav om minst tre års relevant erfaring etter fullført utdanning
Det er ein fordel med:
- kjennskap til prosjektet «Nytt nødnett»
- kjennskap til store statlege investeringsprosjekt
- god innsikt i korleis departementa fungerer, og erfaring med å leggje til rette for politiske avgjerdsprosessar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:
- evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- fagleg engasjement og arbeider systematisk
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- stor arbeidskapasitet
- gode samarbeidsevner
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- store moglegheiter for påverknad i utforminga og gjennomføringa av digitaliseringspolitikken til regjeringa
- ei rolle der du kan påverke samfunnsomstillinga, med digitalisering som verkemiddel
- krevjande arbeidsoppgåver i eit stort og engasjerande fagmiljø
- ei stor kontaktflate, både internt og eksternt
- eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- arbeidsplass i regjeringskvartalet
- fleksibel arbeidstid
- sosiale, kulturelle og idrettslege aktivitetar
- ein time trening i arbeidstida per veke
- gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
Løn: Stillinga blir lønt som førstekonsulent i lønnsspennet 580 000–650 000 kroner, eller som rådgjevar i lønsspennet 650 000–800 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er opptekne av mangfald
Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjar
- Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir.
- DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
- Tryggleiksklarering: Tilsetjing føreset at kandidaten kan tryggleiksklarerast til nivå HEMMELEG (H) etter krava i tryggleikslova, på tiltredingstidspunktet.
- Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden.
Kontaktpersonar
- For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Christina Christensen,
telefon +47 91 83 37 36 eller e-post christina.christensen@dfd.dep.no - For nærare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Marius Strandberg Aursand,
telefon +47 97 97 07 97 eller e-post Marius-Strandberg.Aursand@dss.dep.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, statleg arbeidsgivarpolitikk, statleg bygg- og eigedomsforvaltning, det administrative ansvaret for statsforvaltarane og arbeid med berekraftsmål.
Avdeling for digitaliseringspolitikk (DIA) har samordningsansvaret for IT-politikken, for delar av personvernpolitikken og sektoransvaret for elektronisk kommunikasjon og datasenter.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
44259189-a1dd-4b36-a940-29525d1db964
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10293374