Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet søkjer ny utgreiingsleiar/spesialrådgivar
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Einar Gerhardsens plass 3, Oslo, 0180 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- DIA EKOM Utredningsleder/spesialrådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. mai
Om stillinga
Vi skal utvikle eit nytt og endå betre nødnett – framtidas nødnett. Nødnett er det viktigaste arbeidsreiskapet for blålysetatane og er heilt avgjerande for at politi, brann- og helsetenesta saman kan redde liv – kvar einaste dag. Til dette arbeidet treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar som ønskjer utfordrande, viktige og krevjande arbeidsoppgåver, i skjeringspunktet mellom teknologi, økonomi, jus og samfunnsfag.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er oppdragsgjevar for nytt nødnett og har det overordna ansvaret for dette megaprosjektet. Vi koordinerer arbeidet saman med fleire departement. I fellesskap forvaltar vi store ressursar og har ansvar for at desse blir nytta på ein forsvarleg og riktig måte.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, skal bidra med:
- Følgje prosjektet for nytt nødnett i Nkom tett og bidra til framdrift
- Identifisere og bidra til å løyse problemstillingar som oppstår undervegs i prosjektet
- Leggje til rette for at det nye nødnettet blir etablert og teke i bruk innan utgangen av 2031
- Delta i andre prosjektrelaterte oppgåver i DFD ved behov, i ei rolle som i stor grad ikkje er rutineprega
Vi søkjer deg som har
Nødvendige kvalifikasjonarDet er krav om:
- mastergrad i økonomi, statsvitskap, jus eller tekniske fag
- for tilsetjing som utgreiingsleiar er det krav om minst åtte års relevant arbeidserfaring etter avlagt eksamen, og for spesialrådgivar er det krav om minst ti års relevant arbeidserfaring
Det er ein fordel med:
- kjennskap til og forståing for staten sin prosjektmodell, jf. rundskriv R‑108/25 frå Finansdepartementet
- erfaring med kvalitetssikring av store statlege investeringsprosjekt (Finansdepartementet sitt kvalitetssikringsregime)
- kjennskap til arbeid med statsbudsjettet i tråd med økonomiregelverket i staten og utgreiingsinstruksen
Det er ein fordel med:
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:
- evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- fagleg engasjement og ein systematisk arbeidsmåte
- evne til å leie utviklingsprosjekt
- gode samarbeidsevner
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- stor arbeidskapasitet
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit
Vi tilbyr
- store påverknadsmoglegheiter i utforminga og gjennomføringa av digitaliseringspolitikken til regjeringa
- ei rolle der du kan påverke samfunnsomstillinga, med digitalisering som verkemiddel
- krevjande arbeidsoppgåver i eit stort og engasjerande fagmiljø
- ei stor kontaktflate, både internt og eksternt
- eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- arbeidsplass i regjeringskvartalet
- fleksibel arbeidstid
- sosiale, kulturelle og idrettslege aktivitetar
- ein time trening i arbeidstida per veke
- gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse'
Stillinga blir lønt som utgreiingsleiar i lønnsspennet 800 000–1 000 000 kroner, eller som spesialrådgivar i lønnsspennet 1 000 000–1 200 000 kroner per år. Lønnsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er opptekne av mangfald
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar om å krysse av for dette i jobbsøkarportalen.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju, og dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukte til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjar
- Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir.
- DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
- Tryggleiksklarering: Tilsetjing føreset at kandidaten kan tryggleiksklarerast for nivå HEMMELEG (H) etter krava i tryggleikslova, på tiltredingstidspunktet.
- Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden.
Kontaktpersonar
- For nærare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Christina Christensen,
telefon +47 91 83 37 36 eller e-post christina.christensen@dfd.dep.no - For nærare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Marius Strandberg Aursand,
telefon +47 97 97 07 97 eller e-post Marius-Strandberg.Aursand@dss.dep.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Avdeling for digitaliseringspolitikk (DIA) har samordningsansvaret for IT-politikken, for delar av personvernpolitikken og sektoransvaret for elektronisk kommunikasjon og datasenter.Ansvaret omfattar m.a. arbeidet med digitalisering og digital infrastruktur, personopplysningsforskrifta og administrativt ansvar for Datatilsynet og for Personvernnemnda. Avdelinga har også ansvar for etatsstyringa av Digitaliseringsdirektoratet og av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og ansvar for eigarstyring av Norid AS.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7dfc8cd-9cc5-4abe-a071-ab7f77cf916e
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10293371