Hopp til innhold

Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!

Arbeidsgiver

Kirurgisk og medisinsk sengepost Odda sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!

Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Hos oss får du moglegheit til 12-timarsvakter – som gir færre arbeidsdagar, meir samanhengande fri og betre kontinuitet. Det gir ein kvardag med god flyt og tett samarbeid.

Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.

Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.

👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!


Kva går jobben ut på?

  • Arbeid på kreftpoliklinikk, det vil bli gitt grundig opplæring og kurs. 
  • Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar.
  • Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane.
  • Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
  • Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta.
  • Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller du blir ferdig utdanna og får autorisasjon i løpet av sommaren 2026.
  • Erfaring og interesse innan feltet onkologi er ein fordel, men ingen krav.
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd
  • har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først
  • er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer
  • trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt

Kvifor skal du velje oss?

Jo, fordi vi har:

  • 🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. 
    🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
    🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
    🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
    🔹 Tilrettelagt turnus – langvakter på helg gir meir fri og ekstra løn.
  • Kontaktinformasjon

    Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 10
    5750 Odda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5061733115
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 15.03.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Andreas Jacobsen

    Funksjonsleiar

    40518183

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    3dcb5bfe-29e1-4161-abd0-25057a0fc79d

    Sist endret

    24. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    a438c53e00324213b183b804defc1748

    Lignende annonser