Helsefagarbeidar med 12-timersskift – jobben med fjord og fjell rett utanfor døra
Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. mars
🌟Velkommen til Odda – natur og kultur hand i hand!
Odda ligg omgitt av spektakulær natur, ein kulturby med aktivitetar året rundt. Bytt kø med Trolltunga og fjordar – eller ta ein tur på ski: Røldal Skisenter, berre 30 minutt unna, er blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge. ⛷️❄️ Skisenteret er rekna som eitt av dei beste områda i Noreg for off-piste og frikøyring, med heile anlegget liggande over tregrensa.
Kulturlivet i Odda byr på noko for alle, med festivalar som Sus og dus, litteraturfestival, Hardanger musikkfestival, internasjonal siderfestival og ei blueshelg. 🎶 Her får du ein kvardag der jobb og fritid balanserer perfekt.
🌟Om avdelinga vårHer jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø. Vi gir deg ei brei og verdifull erfaring.
Vi legg til rette for at du får bruke kompetansen din, sertifisere deg, og samtidig utvikle deg vidare i samarbeid med sjukepleiarar og resten av teamet. Vi deler på oppgåvene. Du får vere med på oppgåver som til dømes å justere oksygenbehandling og følgje opp pasientar med veneflon (PVK).
👉 Nysgjerrig på korleis det er å jobbe og bu i Odda?
Vi fortel gjerne meir om teamet vårt, fagmiljøet og moglegheitene som ventar. Ta kontakt med Andreas eller Kristin for ein uforpliktande samtale.
Andreas - 📞 53651146
Kristin - 📞 53651013
💡Kva går jobben ut på?
Dine oppgåver inkluderer:
- Observere og rapportere helseutfordringar, eller omsorgsbehov.
- Gi pasienten god omsorg, pleie, informasjon og opplæring.
- Følgje opp lærlingar.
- Delta på kurs og fagsamlinger.
🎓 Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.
👥 Kva ser vi etter hos deg
Vi søkjer deg som:
- er oppteken av god pasientbehandling
- tek ansvar og er sjølvstendig
- trivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vert vektlagd
🏆 Kvifor skal du velje oss?
Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss:
- eit utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljø
- eit godt innarbeida opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
- oppgåvedeling med sjukepleiarar – og moglegheit for sertifisering i prosedyrar
- hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- eit trivelig arbeidsmiljø
- 12-timersskift
- Busetter du deg i Odda kan du søkje om å få sletta inntil 25 000 kroner av utdanningsgjelda per år.
Kontaktinformasjon
Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +47 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.noKristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5083691805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
99400ecc-756d-4833-a42e-a27f9345e130
- Sist endret
24. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
43f65f27e3f747c19ff2d954a1ee6f22
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bokko bo- og behandlingssenter
Sted
Odda
Helsefagarbeidar Demens avdeling
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Sted
Rosendal