Hopp til innhold

Helsefagarbeidar - Fast stilling Husnestunet Demens avdeling

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Husnestunet

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar Demens avdeling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 13. mars

HUSNESTUNET – FAST STILLING SOM HELSEFAGARBEIDAR BLI EIN DEL AV HUSNESTUNET SITT FRAMTIDSRETTA FAGMILJØ INNAN DEMENSOMSORG!

 

Då ein av våre gode kollegaer skal øve i pensjonistanes rekker, søkjer vi etter ein dedikert og engasjert helsefagarbeidar i 80% stilling, med moglegheit for100%.

Kommunen har heiltid som føretrekt løysing, men nyttar også deltid etter vurdering av tilsette sine ønske og behov og naudsynt fleksibilitet i tenestene. Skriv difor i søknaden kva stillingsstorleik som er ønskjeleg og passar deg best, og i kva grad du er fleksibel om dette.

Stillinga er primært i 2- delt turnus, med kvar 3. helg. Det er mogleg å ta langvakter ved behov.

Arbeidsstad er per tida på AD F-bygget, ei avdeling for pasientar med demens, men ein må kunne vere fleksibel å bidra inn i andre avdelingar ved behov og etter avtale med leiar. 

Avdelinga har per i dag 6 pasientplassar.

Tilsetting: 01.06.26

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utøva hels- og omsorgsfaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
  • Heilskapleg omsorg og pleie.
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
  • Dokumentasjon av tenesta vi yt.
  • Legemiddelhandtering for dei med autorisasjon/ fagbrev innan helse.
  • Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som hjelpepleiar/ helsefagarbeidar
  • Erfaring frå demensomsorg og/eller psykiatri er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Er trygg og sjølvstendig i faget.
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
  • Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
  • Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
  • Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
  • God IT kunnskap.
  • Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

 Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Vi nyttar TID modell i vårt arbeid med pasientar med demens.
  • Kurs/ kompetanseheving med hjelp av VR briller og portalen MERkompetanse.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

 Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)

 Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Cecilie Torillsdatter Fredheim

Avdelingsleiar

+47 47694751

cecilie.torillsdatter.fredheim@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fcc2ef9a-9306-4b6a-8d5c-b61ccf92392a

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3596401_225951_nn

Lignende annonser