Hopp til innhold

100% stilling som sjukepleiar ved Røldal pleie- og omsorg

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg

Sted

Kyrkjevegen 7, 5760 Røldal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vi har ledig ei spennande og variert 100% stilling som sjukepleiar ved Røldal pleie og omsorg


Om arbeidsplassen:

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune.

Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg.

Vi treng sjukepleiar til heime tenestene i Røldal. Det er ca 20 årsverk i tenesta.


Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom/brukarar , 10 omsorgsbustader, 2 tenester for funksjonshemma og heimebuande.

Vi ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta vi gjev. Samstundes ønskjer vi at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende.

Vi er her til det beste for brukarane våre.


Om stillinga

Heimebaserte tenester er i stadig utvikling og vi søkjer no etter ein engasjert,motivert og fagleg interessert sjukepleiar  til vår teneste. Du vil ha ei sentral rolle i det faglege arbeidet, sikra god kvalitet og vere ein god støttespelar for kollegaene dine.

Som sjukepleiar har du ei viktig rolle i å sikre god fagleg kvalitet, og bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet vårt. Du vil samarbeide med andre sjukepleiarar,helsefagarbeidarar,andre faggrupper og leiinga.Du vil og være ein sentral ressurs i det tverrfaglege arbeidet.

Du vil også jobbe klinisk i heimetenesta og bidra til god pasientoppfølging

Stillinga er i turnus 35.5 t/v


Arbeidsoppgåve

  • klinsk arbeid med stell og pleie til våre brukarar
  • observere brukarane sin tilstand, vurdere tiltak,prioritere,iverksette og evaluere

  • kvalitetssikre og endre sjukepleietiltak

  • fagleg rettleiing av anna helsepersonell

  • bidra til utvikling og implementering av faglege rutinar og prosedyrer

  • samhandling med pårørande og andre samarbeidspartnarar

  • deltaking i tverrfaglege møte og fagutvikling

  • bidra til  opplæring av nytilsette ,lærlingar og studentar/elevar

  • bruk av Aidn - dokumentasjonssystem


Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som sjukepleiar

  • erfaring frå heimebaserte tenester er ein fordel

  • vidareutdanning i geriatri, palliasjon og anna relevant fagområde 

  • digitale ferdigheiter

  • gode norskkunnskaper,både munnleg og skriftleg

  • førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar
  • fagleg trygg og engasjert 

  • evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig

  • gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse

  • strukturert og løysingsorientert

  • evne til å inspirere og motivere andre

  • likar å jobba i eit til tider hektisk og variert arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr
  • ei meiningsfull stilling der du får vere med å utvikle framtidas helsetenester

    • eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø

    • mogelegheit for fagleg utvikling

    • god pensjonsordning gjennom KLP

    • løn etter gjeldande tariffavtale

    • årsturnus

    • tariffløn med tillegg kr 25 000 pr år behalde/rekrutteringstillegg

    • Tilskudd på kr 30 000 etter første år og nye kr 30 000 etter 2.året

     

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Ragnhild Helle

    +47 97558533

    ragnhild.helle@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    570690a1-9543-48e4-ba93-dd31f233b02f

    Sist endret

    11. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3594615_191027_nn

    Lignende annonser