Hopp til innhold

100% stilling som vernepleier ved Mjøstølen avlastning

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Vernepleiar 100 % – Bli med i den fine gjengen på Mjøstølen avlastning!


Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert og hjartevarm vernepleiar i 100 % fast stilling ved Mjøstølen avlastning. Du blir ein del av ei langvaktsordning på 12,5 timer, som gir deg gode moglegheiter for lange friperiodar – perfekt for deg som set pris på fjellturar, kaffi i solveggen eller ein velfortent pust i bakken. Arbeid kvar tredje helg inngår i turnusen.

På Mjøstølen møter du barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar – og ikkje minst eit varmt og inkluderande kollegium som brenn for å skape tryggleik, gode opplevingar og fine, forutsigbare kvardagar. Lokala våre ligg sentralt ved Odda, med kort veg til både natur og butikk (og ja – vi veit kven som har tilbod på snacks).

Hos oss er vi opptatt av at både barn, foreldre og tilsette skal kjenne seg trygge og ivaretatte. Vi bruker humor i kvardagen, støttar kvarandre gjennom hektiske vakter og feirar dei små sigerane som betyr mykje. Du får kollegaer som spør «Kva treng du?» – og som gjerne deler både fagkunnskap og fredagssnop.

  

Arbeidsoppgåver

Som vernepleiar hos oss får du ein jobb som både rører, utfordrar og utviklar deg. Du vil mellom anna:

  • Støtte brukarar i å meistre kvardagen – både dei store milepælane og dei små, viktige augeblikka
  • Jobbe målretta med miljøarbeid og struktur
  • Handtere legemiddel
  • Rettleiie og samarbeide tett med pårørande
  • Utarbeide, vidareutvikle og følgje opp rutinar
  • Bidra aktivt inn i eit fagmiljø som stadig er i utvikling
  • Jobbe langvakter, med arbeid kvar 3. helg

  

Kvalifikasjonar
  • Offentlig godkjend vernepleiar. Sjukepleiarar og andre med relevant 3-årig utdanning er også velkomne til å søkje
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med rettleiing er ein fordel
  • Erfaring med IT-verktøy og dokumentasjon
  • Erfaring med utfordrande åtferd

  

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • er fagleg trygg, engasjert og brenn for arbeidet ditt
  • er systematisk og fleksibel
  • bruker humor og varme i møte med både brukarar og kollegaer
  • er positiv, løysingsorientert og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi ser etter ein som ikkje berre ønskjer ein jobb – men ei arbeidsgruppe å trivast og vekse saman med.

  

Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass som tek både fag og fellesskap på alvor
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Løn etter hovudtariffavtalen
  • God støtte til kompetanseheving – vi heiar på utvikling!
  • IA-bedrift med gode pensjons- og permisjonsordningar
  • Kr 25 000 i tillegg til tariffløn for vernepleiar/sjukepleiar i turnus
  • Hjelp til å skaffe tak over hovudet hvis du pendlar eller kjem flyttande
  • Eigen rekrutteringsavtale for vernepleiarar og sjukepleiarar

  

Krav
  • Politiattest

  • Oppstart: Snarast eller etter avtale.

     

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Harald Molven

    Verksemdsleiar

    +47 97436662

    harald.molven@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    438cb68b-0488-42ca-95de-5ad47633f7c2

    Sist endret

    16. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3596961_250471_nn

    Lignende annonser