Hopp til innhold

Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk – bli med oss i Odda

Arbeidsgiver

Avdeling somatikk Odda sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Sjukepleiar – lyst på ein kvardag med variasjon, tempo og eit arbeidsmiljø som er prisvinnande?

På kirurgisk og medisinsk poliklinikk på Odda sjukehus får du jobbe i ei avdeling som vann arbeidsmiljøprisen til Helse Fonna i 2024. Her jobbar vi tett på pasientar, undersøkingar og behandling – og vere med på forbetringsarbeid og digitale satsingar som gjer kvardagen betre. 

Du får ein variert kvardag i poliklinikken, og med arbeid kvar 4. helg på medisinsk og kirurgisk sengepost blir du endå betre kjent med pasientforløpa våre. 

Ta gjerne kontakt med leiar for ein uformell prat. 👉 Send inn søknaden di no - vi vil gjerne bli kjent med deg!

Oppstart etter avtale.


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleieoppgåver i poliklinikk.
  • Undersøking og behandling av kirurgiske og medisinske pasientar.
  • Administrativt arbeid knytt til poliklinikkane.
  • Bidra i forbetringsarbeid i avdelinga.
  • Rettleiing av studentar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Ønskjeleg med minimum 2 års sjukehuserfaring.
  • Videreutdanning innan sår eller kardiologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeider strukturert
  • har evne til å prioritere oppgåver og finne løysingar
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • trivst med å arbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
  • er oppteken av fag og god pasientbehandling
  • tek imot nye utfordringar
  • er ein positiv bidragsyter til endringsprosessar og digitalisering

Personlege eigenskapar vert vektlagde

Kvifor skal du velje oss?


  • Tilpassa opplæring med sjukepleiar.
  • Inkluderande kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Ei avdeling som driv aktivt med forbedringsarbeid.
  • Mogleghet for å vere med å påverke eigen arbeidskvardag.
  • Ein tilgjengeleg og synleg leiar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Marie Tjelmeland, Avdelingsleiar, +47 5365112

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5078493725
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Kari Marie Tjelmeland

Avdelingsleiar

+47 5365112

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

26c7a501-2aa8-4496-8370-cfdd7ef5fbab

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f6d9fe8b97fc4edf8acc222abd0e4362

Lignende annonser

Sjukepleiar ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Helse

Sted

Rosendal