Vil du vera med og skapa minneverdige feriedagar for barn?
Bjørnafjorden kommune Skulane
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent i ferieopen SFO
- Type ansettelse
- Fast, deltid 11%
- Antall stillinger
- 12
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
Er du kreativ, engasjert og glad i å jobbe med barn? Har du lyst på ein meiningsfull jobb på dagtid i skuleferiane, kanskje ved sidan av studium eller anna deltidsjobb?
Bjørnafjorden kommune søkjer no etter fagarbeidarar/assistentar til eit fast team for ferieopen SFO. Her får du vera med og skapa aktive, trygge og innhaldsrike feriedagar for barn. Sammen med kollegaer som brenn for leik, kreativitet og gode opplevingar.
Ferieopen SFO
I ferieopen SFO jobbar vi mykje med tema og prosjekt, og dagane er fulle av aktivitet og fantasi. Barna får mellom anna vera med på tema som:
???? Sydentur og sommarstemning
???? Sirkus og kreativ utfalding
???? Forsking, eksperiment og undring
???? Spel, turneringar og leik
???? Frisørsalong og rolleleik
Her er det rom for å ta i bruk eigne interesser, idear og kreativitet, for å bidra til at barna får trygge, kjekke og minnerike feriar.
Kven passar stillinga for?
Stillinga passar godt for:
- deg som allereie jobbar i skule/SFO og ønskjer å auka stillingsprosentent
- deg som er utdanna barne-og ungdomsarbeidar
- studentar innan barnehage, skule, pedagogikk, idrett eller liknande
- andre med relevant erfaring og interesse for arbeid med barn
Arbeidstid og omfang
Dette er ei fast stilling på 11 %, knytt til ferieopen SFO i følgjande periodar:
- Haustferie
- Vinterferie
- 5 dagar etter skuleslutt
- 10 dagar før skulestart
Arbeidstida følgjer opningstida på ferieopen SFO dei aktuelle dagane.
Tilsette med stillingsprosent opp til 89 % kan ha moglegheit til å auka til 100 %, medan andre får ei fast stilling på 11 %.
Aktuelle søkjarar må vera tilgjengelege i heile perioden for å sikre stabil bemanning.
Fusa:
- Tal ledige stillingar: 2
- Arbeidsstad: Eikelandsosen barneskule
Os:
- Tal ledige stillingar: 10
- Arbeidsstad: Lunde barneskule
Arbeidsstad kan bli endra dersom kommunen gjer endringar i ordninga for ferieopen SFO.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensera for kravet om fagbrev
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er positiv, engasjert og trygg i vaksenrolla
- har gode samarbeidsevner, men også kan jobba sjølvstendig
- er tydeleg og god på kommunikasjon
- er kreativ, strukturert og løysingsorientert
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3a4962d2-c66d-4ac9-bf22-521903ba3c93
- Sist endret
5. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3624735_209909_nn