Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule

Sted

Halhjemsmarka 50, 5208 Os

Om jobben

Stillingstittel
Fast stilling som fagarbeidar ved Halhjem barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Vi har ledig fast 100% stilling som fagarbeidar frå 01.08.2026.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).  Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.

Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og like ved 600- busslinja til Bergen. Skulen har elevar på 1.-4.trinn, og frå hausten 2026 er det 102 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Vi ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark, SPV-arena etc. Vårt arbeid er forankra i verdiane til Bjørnafjorden kommune; “Vi lyttar med respekt, vi gjere som vi seier, vi finn smarte løysingar og vi er inkluderande”, i tillegg til visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, i tillegg til at fysisk aktiv læring, FAL, står sentralt i vårt utviklingsarbeid og virke. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus.

Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen. Kunne støtte og ivareta elevar med ulike utfordringar, samt vere ein støtte for elevane i skule og sfo. Delar av stillinga er knytt til ferieope SFO.

Kvalifikasjonar
Søker fagarbeidar med fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HK-dir. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Eigenskapar
Vi ser etter ein tydeleg, pliktoppfyllande og engasjert fagarbeidar og rollemodell. Vi ønsker fagarbeidar som er strukturert, omsorgsfull og tydeleg, med gode evne til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, vilje til endring og utvikling er viktig for oss. Ein medarbeidar som bidrar til eit best mogeleg skule- og arbeidsmiljø for elevar og kollegiet. Fint om ein kan vere med i timar med symjing.

Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson: Kristin Starheim
Telefon: 996 91 262


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kristin Starheim

Rektor

+47 99691262

ksta@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

587b6bce-91f1-410e-b447-fc13626a9b49

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3632097_207781_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser