Hopp til innhold

Økonomirådgjevar

Arbeidsgiver

Sunnfjord Miljøverk IKS

Sted

Elvetorget, 3. etasje, Naustdalsvegen 18, 6815 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Økonomirådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Vil du vere med og forme økonomiarbeidet i ei verksemd som er i utvikling?

Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) søkjer ein strukturert og dyktig økonomirådgjevar til økonomiavdelinga. Stillinga er underlagt økonomisjefen. Du vil jobbe med dagleg økonomistyringa og bidra til vidare utvikling av SUM.

SUM står framfor ei spanande tid, med planlegging og bygging av nytt anlegg på Moskog i åra som kjem. Samstundes tek verksemda i bruk nytt økonomisystem. Som økonomirådgjevar får du vere tett på denne utviklinga og bidra i det dagleg arbeidet og i meir langsiktige prosesser. 


Om stillinga 

Som økonomirådgjevar vil du ha eit sjølvstendig og heilskapleg ansvar innan økonomi i tett samarbeid med økonomisjef. Rolla kombinerer operative oppgåver innan rekneskap, rapportering og utviklingsarbeid, og krev høg grad av struktur, presisjon og systemforståing. Stillinga vil ha ei sentral rolle i innføring og vidareutvikling av nytt økonomisystem, med tilpassing av rutinar og arbeidsprosessar knytt til dette.


Arbeidsoppgåver

  • Budsjett, økonomiplan, prognosar og løpande økonomistyring
  • Rekneskap, avstemming, kvalitetskontroll og internkontroll
  • Fakturering hushald og næring
  • Løpande oppfølging av rekneskap mot budsjett og prognose
  • Økonomiske analysar, kalkylar og beslutningsstøtte til leiinga
  • Rapportering til leiing, styre og representantskap
  • Årsoppgjer og oppfølging mot revisor
  • Sjølvkostrekneskap, mva-rapportering og offentleg rapportering
  • Kontroll og oppfølging av lønn, utlegg og personalrelaterte økonomioppgåver
  • Vere superbrukar i økonomi- og styringssystem
  • Bidra aktivt i utvikling og vedlikehald av rutinar og prosedyrar innan økonomi og rekneskap

Stillinga kan tilpassast ut frå kompetanse og erfaring, men hovudtyngda vil liggje på fagleg ansvar, kvalitet og vidareutvikling av økonomifunksjonen.


Kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller tilsvarande
  • Erfaring frå liknande stilling
  • God rekneskapsforståing og erfaring med økonomistyring
  • Erfaring med analyse, rapportering og systemarbeid
  • God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye system

Personlege eigenskapar

  • Arbeidar strukturert, sjølvstendig og systematisk
  • Har høg fagleg integritet og er oppteken av kvalitet
  • Er analytisk og løysingsorientert
  • Kommuniserer godt og trivst i samarbeid med andre
  • Er positiv til endringar og trivst med utviklings- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Ei fagleg interessant stilling i ei verksemd med ei viktig rolle i samfunnet
  • Moglegheit til å påverke og utvikle økonomifunksjonen
  • Aktiv deltaking i systemskifte og større utviklingsprosessar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktperson for stillingen

Lennart Nes Nyhammer

Økonomisjef

+47 916 62 273

lennart.nyhammer@sum.sf.no

Om bedriften

Sunnfjord Miljøverk (SUM) har eit givande samfunnsoppdrag. Vi er renovasjonsselskapet til Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune, og har som hovudoppgåve å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering. I dag er vi 35 tilsette som mellom anna jobbar innanfor drift, transport, renovasjon, økonomi, HR, kundesenter og kommuikasjon. Hovudanlegget vårt ligg på Einestølen, og vi har i tillegg kontor i Førde sentrum.  

 

Visjonen vår er at Sunnfjord Miljøverk skal tilby løysingar verda treng, til glede og nytte for folk og lokalsamfunnet. Vi skal sørge for at avfallet som blir samla inn i kommunane, vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi. Hos oss skjer det mykje heile tida, og vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3a034dd4-a04f-466a-8e2c-72485e994a53

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10280757

Lignende annonser