Hopp til innhold

Rådgjevar/seniorrådgjevar – jurist

Arbeidsgiver

Statsforvaltaren i Vestland

Sted

Fjellvegen 11, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar – jurist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Om stillinga

Er du jurist med interesse for landbruk, natur og miljø? Vi har ledig ei fast stilling ved kontoret vårt i Førde.

Statsforvaltaren skal gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon til kommunane og næringa, tilskots- og regelforvaltning, klage og kontroll. Vi skal vere eit kompetansesenter for kommunane på desse områda. Det betyr ein god del rettleiing til kommunane.

Statsforvaltaren har til saman seks fagavdelingar med ei brei oppgåveportefølje. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har 32 tilsette, hovudsakleg i Førde og Bergen. Dei fleste i avdelinga har naturvitskapleg fagkompetanse og erfaring, men vi har også tilsette med kompetanse innan økonomi, samfunnsvitskap og rettsvitskap. 


Varierte arbeidsoppgåver, med utgangspunkt i

  • landbrukslovgjevinga med m.a. jordlova, skogbrukslova og konsesjonslova 
  • natur- og miljøIovgjevinga og plan- og bygningslova
  • forvaltningslova og offentleglova
  • tilskotsforvaltning innanfor sektoren
  • informasjon til kommunane på dette området

Kvalifikasjonar

  • Cand. jur. eller master i rettsvitskap
  • Interesse for offentleg forvaltning
  • God språkleg kompetanse i både nynorsk og bokmål
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner med kollegaer og eksterne aktørar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
  • trening i arbeidstida
  • delvis heimekontor 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland

Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.


Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. 


Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. 

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.  For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. 

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.


Kontaktpersoner for stillingen

Bjørn Harald Haugsvær

assisterande landbruksdirektør

+4748007375

bjorn-harald.haugsvar@statsforvalteren.no

Christian Rekkedal

landbruksdirektør

+4799692302

christian.rekkedal@statsforvalteren.no

Om bedriften

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f93513c-b953-4404-b76f-4f4483ad34eb

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10285432

Lignende annonser