Vikar - Kunderådgjevar Direktebank
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Direktebanken er i utvikling, og no treng vi fleire som vil vere med å løfte oss vidare.
I SpareBank 1 Sogn og Fjordane skjer det mykje i Direktebanken. Vi styrkjer rolla vår i kundereisa og tek større ansvar for sal, kampanjar og kundeutvikling. Vi byggjer kompetanse og tek Direktebanken inn i ei meir aktiv og salsretta rolle. Her får du vere med der det skjer, i front av banken si vidare utvikling.
No søker vi ein engasjert og salsorientert rådgjevar i eit 100 % vikariat med varigheit på 15 månader. Dette er ei rolle som gir brei erfaring, solid bank kompetanse og eit sterkt fundament for vidare karriere i finansnæringa.
Rolla passar for deg som er sal- og serviceorientert og trivst i dialog med kundar. Du tek initiativ, likar å jobbe målretta og motiverast av resultat. Du er nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg, både fagleg og personleg.
Arbeidsoppgåver- Besvare og handtere innkommande kundekontakt på telefon, e-post og chat
- Onboarding av nye kundar for å sikre ein god start på kundeforholdet
- Aktiv og proaktiv kundedialog knytt til sal, kampanjar og digitale aktivitetar
- Informasjonsrådgjeving og behovsbasert sal som ein naturleg del av kundereisa
Du får ei sentral rolle i gjennomføringa av banken sin strategi og blir ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid. Vi jobbar målretta og strukturert, og du får utvikle deg både fagleg og personleg.
Eit vikariat hos oss gir deg ikkje berre verdifull erfaring, det gir deg kompetanse, nettverk og innsikt som du kan bygge vidare på i banken eller i finansbransjen.
Er du nysgjerrig, eller usikker på om dette er rett steg for deg? Ta gjerne kontakt med Anette Nygård for ein uforpliktande prat.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon.
Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2ff2d958-fcca-47dd-9a53-7b20ce8474ca
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a55cf1cf4ef34684ac7f8e8d76d2476f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Sparebanken Norge
Sted
Førde