Sommarjobb 2026
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
No søkjer vi sommarstudentar til tre ulike fagmiljø ved hovudkontoret i Førde. Du vel sjølv kva avdeling du søkjer på: direktebank, bedriftssenter eller kredittstøtte.
Å vere sommarvikar hos den største finansaktøren i Sogn og Fjordane gir deg innblikk i korleis det er å arbeide i næringa vår. Det er også ein sjanse til å vise seg fram for ein spennande arbeidsgjevar med mange ulike fagområde. Vi ser etter deg som har god arbeidskapasitet, som er nysgjerrig og som ønskjer å sette spor hos SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
DirektebankDirektebank er banken sitt kundesenter og banken si stemme ut mot privatkundane våre. Her får du førstehands erfaring med rådgjeving, rettleiing og kundedialog.
Du vil hjelpe kundar med daglege banktenester, svare på spørsmål og bidra til gode kundeopplevingar på telefon og digitale flater. Du vil og jobbe med å ta imot kundar som kjem inn i banken. Det gir deg ei variert rolle der du møter kundane både fysisk og digitalt, og der service og tryggleik står i sentrum.
Dette passar for deg som trivst med høgt tempo, likar å snakke med folk og evnar å forklare både enkle og meir komplekse spørsmål på ein forståeleg måte.
BedriftssenterBedriftssenteret jobbar tett på næringslivet i regionen. Her får du innsikt i korleis banken samarbeider med små og mellomstore bedrifter.
Arbeidskvardagen handlar om å hjelpe bedriftskundar med daglege banktenester, svare på spørsmål og bidra til gode kundeopplevingar på telefon og digitale flater. Du får sjå korleis gode relasjonar og presis oppfølging er avgjerande når vi jobbar med bedriftskundar.
Dette passar for deg som er strukturert, serviceinnstilt og har interesse for næringsliv og økonomi.
KredittstøtteAvdeling for kredittstøtte spelar ei nøkkelrolle i banken. Dei sørgjer for at lånedokument er korrekte og at utbetalingar skjer til rett tid.
Som sommarvikar vil du mellom anna jobbe med utbetaling av lån og kredittar, endringar på eksisterande lån og vedlikehald av depot. Du blir ein del av eit fagmiljø der nøyaktigheit og struktur er heilt avgjerande.
Dette passar for deg som har auge for detaljar, lærer raskt og handterer digitale arbeidsverktøy utan problem. Erfaring er ikkje eit krav. Du får nødvendig opplæring hos oss.
Kven ser vi etterVi ser etter deg som studerer relevante fag og ønskjer praktisk erfaring. Du er nøyaktig og tek ansvar for eigne oppgåver. Du kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg, og samarbeider godt med andre. Du ønskjer å jobbe heile sommaren.
Vi håpar også at du ser for deg å kunne jobbe hos oss fleire somrar, og kanskje i andre periodar gjennom studietida.
Her blir du ein del av den daglege drifta i banken. Du jobbar saman med erfarne kollegaer og får oppgåver som betyr noko i kvardagen. Vi samarbeider godt, deler kunnskap og hjelper kvarandre når det er travelt.
Ein sommarjobb hos oss gir deg innsikt i korleis bank fungerer frå innsida, tett på både kundar, rådgjevarar og kredittarbeid. Du får ansvar, tillit og erfaring du kan ta med deg vidare.
Arbeidsstad: Førde Hugs å skrive i søknaden kva avdeling du søkjer på.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fadc03c6-b537-4d5b-b015-3d7d4d82265b
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a362276934044038b5e4d3f5848ddd6c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde
Sommarvikarar
Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Sted
Førde