Hopp til innhold

Helsefagarbeidar, Miljøterapeut, Vernepleiar

Arbeidsgiver

Pleie- og omsorg, Valle kommune

Sted

Leitebakken 31, 4747 Valle

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar, Miljøterapeut, Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar til ei 100 % stilling i habiliteringsbustad. Stillinga inneber tett oppfølging av bebuarar med ulike funksjonsnedsetjingar, der målet er å bidra til auka meistring, livskvalitet og tryggleik i kvardagen. Arbeidet består av heilskapleg og individuelt tilpassa bistand, og du vil vere ein viktig del av eit tverrfagleg miljø som jobbar målretta etter brukarar sine planar og behov.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål (personleg hygiene, måltid, påkledning, struktur og rutinar)
  • Miljøarbeid og målretta miljøterapeutisk oppfølging
  • Tilrettelegging for aktivitet, deltaking og sosialt samvær
  • Medisinhandsaming etter gjeldande prosedyrar
  • Oppfølging av individuelle planar, dokumentasjon i fagsystem og samarbeid med pårørande og andre tenester
  • Bidra til å skape eit trygt, føreseieleg og utviklande bumiljø for bebuarane

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har ei av følgjande utdanningar:

  • Helsefagarbeidar
  • Miljøterapeut
  • Vernepleiar

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i denne rolla. For å lukkast hos oss ser vi for oss at du:

  • Har gode samarbeidsevner og god kommunikasjon
  • Er positiv, imøtekommande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Er trygg, roleg og ansvarsbevisst i møte med ulike utfordringar
  • Er pliktoppfyllande, strukturert og påliteleg
  • Har eit genuint engasjement for å skape gode kvardagar for bebuarane

Vi tilbyr

  • eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • variert arbeid i ein meiningsfull jobb
  • løn etter gjeldande tariff
  • bedriftsleiligheit i Kristiansand sentrum for tilsette i Valle kommune
  • svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • ei trivelig bygd å bu i
  • fantastiske moglegheiter for friluftsliv
  • kort avstand til alpinanlegg
  • gratis barnehage

 

Viktig for søknaden din:

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. 
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Kontaktinformasjon

Solveig B Kyrvestad, Enhetsleder, 91247155, solveig.b.kyrvestad@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Leitebakken 31
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5047442385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2025

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3841b792-c368-47b8-8455-23c97b9816df

Sist endret

13. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

df6883ff2e3c40f986c9e3c64c7ce4dc

Lignende annonser

Laster lignende annonser