Hopp til innhold

Sjukepleiar og vernepleiar til Divisjon psykisk helsevern

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar til Psykisk helsevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
6
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Psykiatrisk klinikk: Stillingane har 2-delt turnus og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt. Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling.

Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 - 2/3-delt turnus i sommarperioden. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3/S4/S5 - 2/3-delt turnus i sommarperioden
Psykiatrisk akuttmottak, PAM 1 - noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS)
*  100% fast stilling som sjukepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
*  100% sommarvikariat. Stillinga inneber opptart i sommarturnus ved RAS i vekene 26-35. 2/3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden. Vidare fast stilling i Psykiatrisk klinikk. 

Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
*  100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
*  100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus

Regional sikkerheitspost (RS):  Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* 100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 3. kvar helg

Kronstad DPS, Psykose døgn/Allmenn døgn:
* 100% sommarvikariat ved både Psykose- og Allmenn døgn, 2/3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden. Vidare fast stilling ved avdelinga eller i Divisjon psykisk helsevern.

Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. 


Kvalifikasjonar (overskrift)

Her kan du lese meir om Psykisk helsevern                                                  Her kan du lese meir om Bemanningssenteret i føretaket 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten


Kvalifikasjonar

  • Du har eller får norsk autorisasjon innan sommaren 2026
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5106151846
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Karina Vorland Løvstad

Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret

karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37048591-491b-4852-a743-829c507fea65

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f69a0698c28840bcba95c06220a00c25

Lignende annonser

Laster lignende annonser