Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar – faste  stillingar på natt ved Psykiatrisk klinikk

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Faste stillingar på natt for sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.

Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Det er ledig følgande faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:  

Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 80% faste stillingar, 2-delt turnus og kvar 3. helg

*  Avdeling Alderspsykiatri har ledig 60% fast stilling og søker sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg

*  Psykiatrisk akuttmottak, PAM1/PAM2 har ledig 80-100% fast stilling og søker sjukepleiar eller vernepleiar, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke

Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 80% fast stilling, langvakter på 12,25 time, med arbeid kvar 4. helg. Det er krav om gyldig politiattest.


Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. 

Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. 
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762/ 95045861

Avdeling Alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og  biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand.

Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er no lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. 
Kontakt: Seksjonsleiar Cathrine Stue Børhaug, Tlf. 55974535/ 45246187

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.

På sengepostane (PAM1/PAM2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. Vi er ein spennande, hektisk og utfordrande arbeidsplass, der du får nytte din faglege og personlege kompetanse. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø. Vi søker ein ansvarsbevisst sjukepleiar 

Kontakt PAM1: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Kontakt PAM2: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 55956412

    Kvalifikasjonar (overskrift)

    Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) er organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) i Psykiatrisk klinikk, og er ein lukka seksjon som tilbyr (re)habilitering og behandling til personar med psykoselidingar i kombinasjon med kompliserande tilstandar, utviklingshemming eller utviklingsforstyrring. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken – eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.

    Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Hovudfokuset er å byggje relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkjande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien omfattar systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi og fysioterapi, og har treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga. Stilling inneber gyldig politiattest iht Helsepersonelloven § 20a.
    Kontakt: Silje Madeleine Mihle Hop, Tlf 55958630 eller Lena Thomsen Bruåsdal, Tlf. 55958878

    Arbeidsoppgåver

    • Ansvarsvakt
    • Administrering av medisinar
    Miljøterapeutisk arbeid:
    • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
    • Observere og dokumentere
    • Praktiske oppgåver

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
    • Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
    • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad  

    Personlege eigenskapar

    Vi ønsker medarbeidarar som:

    • har respekt for den enkelte pasienten
    • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
    • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
    • har gode kommunikasjonsevner
    • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
    • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
    • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
    • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
    • ønsker og evner å motta rettleiing

    Vi tilbyr
    • Utfordringar og læresituasjonar
    • Fadderordning
    • Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
    • Inkluderande arbeidsmiljø
    • Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

    Arbeidsstad

    Sandviksleitet 1
    5036 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5105765309
    Stillingsprosent: 80, 60%
    Fast
    Søknadsfrist: 03.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Karina Vorland Løvstad

    Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret

    karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d6f8c70e-493b-495f-98b2-efca002949d1

    Sist endret

    15. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    9ab5130480d5498cb02144c7c6e9bf4b

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser