Helsefagarbeidar/hjelpepleiar seksjon for alderspsykiatri, natt
Psykiatrisk klinikk/ Seksjon for alderspsykiatri, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar seksjon for alderspsykiatri, natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Natt
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. april
Seksjon for alderspsykiatri har ei døgneining med 12 sengeplassar, samt polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Døgneininga har ein ledig fast 50% fast stilling ved alderspsykiatrisk sengepost, med arbeid på natt, og kvar 3. helg. Stillinga er ledig omgående.
Arbeidsoppgåver
- Sjukehuset har fire hovudoppgåver, pasientbehandling, pasient og pårørande opplæring, forsking og utdanning
- Utgreiing, observasjon og behandling av eldre menneske med alvorleg psykisk sjukdom
- Rettleie, gje støtte og omsorg til pårørande
- Oppfølging av pasientar innlagt ved døgnseksjonen
- Pasientadministrativt arbeid
- Delta i tverrfaglege møte
- Samhandling med andre instansar, internt og kommunale aktørar for å etablere eit godt tilbod til den einskilde pasinten
- Delta i kvalitetsforbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Ønskjeleg med 2 års erfaring som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Må meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.
- Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Engasjement og interesse for å jobbe med eldre menneske.
- God IKT-kompetanse
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du jobbar sjølvstendig og tar personleg ansvar for at oppgåver blir utført
- Du søkjer aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense.
- Du kommuniserer og samarbeider godt.
- Du er trygg i rolla som helsefagarbeider/hjelpepleiar
- Du søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetanse
- Du kommuniserer og samarbeider godt
- Du er fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Stue Børhaug, Seksjonsleiar, 45246187Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5111984902
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Cathrine Stue Børhaug
Seksjonsleiar
45246187
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b3c67c5c-a1d8-4194-bb83-6119f82d64d6
- Sist endret
14. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9fb00f0b04b843928d3a76c435da74ad