Sommarvikariat som assistent ved Regional- og Lokal sikkerheitspost
Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikariat som assistent ved Regional- og Lokal sikkerheitspost
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 8
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. april
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid og vi har ledige vikariat i sommar ved Klinikk sikkerheitspsykiatri.
Du må kunne jobbe i arbeidsperioden som oppgitt og ein må kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker. For desse stillingane er det krav om godkjend politiattest.
* Regional sikkerheitspost (RS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Lokal sikkerheitspost (LS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
Du kan lese meir om avdelingane ved å klikke på link i navnet eller på vår heimeside helse-bergen.no/avdelingar
Arbeidsoppgåver
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald.
Regional sikkerheitspost (RS) her har kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384 eller Kjell Paulsen, Tlf. 55958538
Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar.
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348 eller Charlotte Sunde, Tlf. 55958354
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
- Du må ha erfaring frå psykiatri/rus/miljøarbeid
- Du er under helsefagleg utdanning eller annan relevant utdanning
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Du har gode samarbeidsevner og godt humør
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenche Antonsen Larsen, Koordinator Bemanningssenteret, wenche.antonsen.larsen@helse-bergen.noArbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5113191779
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
48b92c0c-e241-4d36-9349-0630b17aa89b
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e3c29443e09c43758725de61b8cde822