Hopp til innhold

Assistent til faste helgestillingar ved  Kompleks Rehabilitering Sandviken 

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk/ Kompleks rehabilitering Sandviken -KRS, Helse Bergen HF

Sted

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Assistent til faste helgestillingar ved Kompleks Rehabilitering Sandviken
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 29. april

Er du ein omsorgsperson som trivst med varierte oppgåver og tett kontakt med pasientar?Er du under helsefagleg utdanning og ønskjer arbeidserfaring frå psykiatri?Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) har ledige faste helgestillingar, med arbeid p.t. kvar tredje helg.

KRS er organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) i Psykiatrisk klinikk, og er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoselidingar med kompliserande tilstandar, som til dømes ruslidingar eller personlegdomsforstyrringar, medan to plassar er for personar som har ein kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.

Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.

Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Hovudfokuset er å byggje relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkjande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien inkluderer systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi, fysioterapeut og har treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga.

Faste stillingar for assistentar inngår i ei ordning der ein kan bli utlånt til andre seksjonar i ASP, også til akuttpost.

Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid
  • Observere og dokumentere ut frå behandlingsplan
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
  • Praktiske oppgåver
  • Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap er avgjerande for god pasientbehandling
  • Fortrinnsvis studentar under utdanning som sjukepleiar, vernepleier, psykolog (profesjon) eller medisin
  • Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
  • Ved tiltredning må gyldig politiattest leggast fram

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
  • Strukturert
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
  • Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
  • Trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • Utfører oppgåver under rettleiing fra sjukepleiar/vernepleiar

Vi tilbyr

  • Vere ein del av eit spennande og variert fagmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Barnehage i nærområdet
  • Opplæring og rettleiing

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Silje Madeleine Hop, Seksjonsleiar, 55958878
Lena Thomsen Bruåsdal, Ass. seksjonsleiar, 55958878

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5064290786
Stillingsprosent: 18%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 29.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Lena Thomsen Bruåsdal

Ass. seksjonsleiar

55958878

Silje Madeleine Hop

Seksjonsleiar

55958878

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4241066c-ee75-47b3-addb-adce9e3e4c1f

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a2db48f187144abfb6f019eee18e9d5e

Lignende annonser

Laster lignende annonser