Hopp til innhold

100% stilling som sakshandsamar ved Byggesak

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ledige fast 100% stilling på byggesak

 

Arbeidsoppgåver:

Me har no ledige stilling som sakshandamar på byggesak.

Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart & oppmåling og landbruk i Ullensvang kommune. Verksemda har i dag omlag 12 tilsette - av desse jobber 6 personar med byggesak. Det er no ledig 1 stilling som byggesakshandsamar. 

Avdelinga har tilsette med ulik fagleg bakgrunn og eit godt fagmiljø som gjer ein godt rusta til å løyse komplekse oppgåver. På byggesak jobbar ein med mange spanande saker og problemstillingar. Me handterer eit stort lovverk, og samarbeidar med fleire instansar både internt og eksternt. 

Vår oppgåve er å sakshandsame og sjå til at regelverket og vedtatte planar vert fulgt, samt å drive tilsyn og ulovlegheitsoppfølging osv. Byggesak handterer også seksjonering, innsynsførespurnadar, førebur politiske saker og handsamar klager. I tillegg driv ein aktivt med rettleiing internt og eksternt. Stillinga kan verte tillagt andre oppgåver ved behov.

Ullensvang kommune nyttar per dags dato Acos websak og kommunekart.com. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel, men opplæring vil bli gjeve. Me har stor tru på å dele kunnskap og spele kvarandre gode, så stillinga passar godt både for nyutdanna og erfarne. 

 

Ynskte kvalifikasjonar:
  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå, fortrinnsvis jurist, ingeniør, arealplanleggar.

  • Relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning 

  • Kjennskap til plan- og bygningslova

  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

  • God IKT-kompetanse

  • Bilsertifikat 

  • Gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Evne til å arbeide sjølvstendig 

  • Evne til å arbeide nøyaktig og systematisk

  • Serviceinnstilt, initiativrik og pliktoppfyllande

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen på ein positiv måte

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Me tilbyr:
  • Fast 100% stilling

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø

  • Lønn etter avtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen


Informasjon om vidare prosess

Ta gjerne kontakt med verksemdsleiar for meir informasjon.

 

Me ynskjer ikkje kontakt med annonsører. 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

350e7cab-c41c-42ad-a4f5-5aa16938303b

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3581647_194017_nn

Lignende annonser