Stipendiat innan sjukepleie
Høgskulen på Vestlandet
Svanehaugvegen 1, 6812 Førde, Inndalsveien 28, 5063 Bergen, Klingenbergvegen 4, 5414 Stord, Bjørnsongsgate 45, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat innan sjukepleie
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. mars
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling i 100% som stipendiat innan fagområde sjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Haugesund, Stord, Bergen eller Førde.
Stipendiatstillinga er knytt til prosjektet "Kven kan bli sjukepleiarar? Analysar av tvilsmeldingar og studentperspektiv frå norske sjukepleiarutdanningar."
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innan ei tidsramme på 4 år. 25% av tida vil bli nytta til karrierefremjande arbeid.
Det kan bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap i tilsettingsperioden, og at det karrierefremjande arbeidet vert utført ved HVL.
Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til et aktivt forskingsmiljø ved HVL.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stipendiatstillinga er knytt til prosjektet "Kven kan bli sjukepleiarar? Analysar av tvilsmeldingar og studentperspektiv frå norske sjukepleiarutdanningar. "
I dette prosjektet ønsker vi å undersøke meldingar om tvil om skikkaheit i norske sjukepleiarutdanningar dei siste 10 åra. Målet er å kartlegge og analysere meldingane for å forstå kva som kjenneteiknar dei, og å utforske korleis studentar opplever skikkaheit og dei områda kartlegging av tvilsmeldingar identifiserer som særleg kritiske. Prosjektet vil produsere ny kunnskap om kva som karakteriserer meldingar om tvil om skikkaheit og korleis studentar held seg til dette i sitt utdanningsløp. Dette vil gi verdifull innsikt for å forstå utfordringane og utvikle kvaliteten i sjukepleiarutdanningane for sikre at framtidige sjukepleiarar er godt skikka til yrket.
Stipendiaten vil inngå i forskargruppa Utdanningsforsking innan helse- og sosialfagsprofesjonar. Stillinga er finansiert av Fakultet for helse- og sosialvitskap.
Prosjektleiar og hovudrettleiar er førsteamanuensis Cathrine S. Natterøy. Hovudrettleiar vil saman med kandidaten utarbeide ein detaljert plan for forskarutdanninga som skal knytast til opptak ved ph.d.-utdanninga Helse, funksjon og deltaking. Søknad om opptak til ph.d.-utdanninga skal først sendast etter ei eventuell tilsetting. Søknaden skal sendast seinast 3 månader etter tilsetting.
Interesserte søkarar kan ta kontakt med prosjektleiar Cathrine S. Natterøy for å få tilsendt prosjektskissa.
Kvalifikasjonskrav:
Kvalifikasjonskrav:- Relevant mastergrad innan helse- og sosialfag, utdanningsvitskap eller anna fagområde som vert vurdert som relevant for stillinga.
- Arbeidserfaring frå helse- og sosialfeltet er ein fordel. Sjukepleiefagleg bakgrunn er særleg ønskjeleg, men søkarar med anna relevant utdanning vil òg bli vurderte.
- Mastergradsoppgåva (tilsvarende minst 30 studiepoeng) må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarande) må vere godkjend seinast fire veker etter søknadsfristen.
Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Faglege kvalifikasjonar innan det utlyste området.
- Karakter på masteroppgåve (eller tilsvarande) og gjennomsnittskarakter for masterstudiet, skal normalt vere B eller betre
- Vitskaplege publikasjonar
- Erfaring med prosjektarbeid, formidling og rettleiing
- Evne til nytenking og gjennomføring
- Må kunne arbeide sjølvstendig og samtidig bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt
Tilleggskrav:
Søkar skal legge ved ei skildring av følgande:
- Eigen motivasjon for å gå inn i ei stipendiatstilling på inntil 3 sider
- Tidlegare fag-, forskings- og formidlingserfaring.
Interesserte søkarar kan ta kontakt med prosjektleiar Cathrine S. Natterøy for å få tilsendt prosjektskissa.
Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetting. Det skal normalt søkast om opptak til ph.d.-utdanning innan 3 månader etter oppstart. jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere tatt opp på ph.d.-utdanninga.
Tilleggskrav for opptak til ph.d.-utdanninga helse, funksjon og deltaking:
Vedtak om opptak vert gjort på bakgrunn av ei samla vurdering av søkaren sin formelle kompetanse, kvaliteten på prosjektplanen og forskingsmiljøet søkaren skal tilhøyre.
Det er ein føresetnad at søkar har eit ph.d. prosjekt som er relevant for den faglege profilen for ph.d.- programmet Helse, funksjon og deltaking. Alle masterutdanningar i regi av Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap kvalifiserer for opptak til studiet. Videre kan det takast opp søkar med mastergrad innan andre relevante fagområde frå HVL og frå andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt.
Nærare informasjon om ph.d. utdanninga finn ein på: https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/.
Korleis søke på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ønsker å ha med i vurderinga , fullstendig publikasjonsliste, eventuell prosjektbeskriving, attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Hvis vedlegga overskrider 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med høve til kompetanseheving – og utvikling
- Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, startløn kr. 550.800,-. Det vert gitt automatisk lønnsutvikling i inntil 4 år med 3 % årleg stigning.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkaren bli gjort offentleg, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Søkar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følge.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Prosjektleiar og hovudrettleiar Cathrine Selsvold Natterøy
Tlf: 97 74 48 20
E-post: cathrine.selsvold.natteroy@hvl.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 500 årsverk og 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3276ed87-3773-42cd-b025-991abc44723e
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10280723
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Bergen, Stord, Førde
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor, Master i klinisk sykepleie
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Sogndal, Stord