Hopp til innhold

Forskingssjukepleiar

Arbeidsgiver

Nevro og revma poliklinikk, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Forskingssjukepleiar
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Nevro og revma poliklinikk lyser ut ei 40% prosjektstilling som forskingssjukepleiar for 2 år, med mogelegheit for forlenging.   

Vi har nokre pågåande studiar og ønskjer å legge forholda til rette for å kunne delta i fleire.

Det er eit nasjonalt mål å gje fleire pasientar over heile landet høve til å delta i utprøvande behandling gjennom kliniske studiar. Helse Førde har som mål å byggje opp ein god infrastruktur for kliniske studiar i tråd med nasjonale føringar. 

Som forskingssjukepleiar på Nevro og revma poliklinikk, vil du vere ein del av eit team som skal arbeide saman mot dette målet. Du vil bidra til at avdelinga kan gjennomføre eit auka tal kliniske studiar på ein effektiv, sikker og profesjonell måte. 

Oppstart og arbeidstid etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av kliniske studiar for ulike nevrologiske og revmatologiske diagnosar
  • Oppfølging av pasientar som deltek i kliniske studiar
  • Vere koordinerande ressursperson for pasientar, pårørande og anna helsepersonell
  • Undervisning/rettleiing (til samarbeidande personale)
  • Polikliniske konsultasjonar med lege og eigne sjukepleiarkonsultasjonar
  • Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Sikre god kvalitet på studiedata gjennom god dokumentasjon og rapptering
  • Delta i utviklingsarbeid med omsyn til kliniske studiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring frå klinisk forsking, særleg kliniske studiar
  • Gode dataferdigheiter
  • Ønskjeleg med erfaring frå pasientbehandling på sjukehus
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Må beherske norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Initiativrik og engasjert
  • Evne til å samarbeide godt og på tvers av fagmiljø
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Nødvendig opplæring
  • Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling
  • Løn etter avtale
  • Utfordrande og variert arbeid
  • Opplæring i forskingsspesifikke dataprogram
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5108776962
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Søknadsfrist: 28.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Elin Ese

Seksjonsleiar

(+47) 986 04 663

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dc28dbb5-1bab-43c1-989d-dc4f55dfd512

Sist endret

7. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

838b8fdee4ab488e8791e19999eb0425

Lignende annonser

Laster lignende annonser