Hopp til innhold

Er du sjukepleiar og nysgjerrig på hjernen og nervesystemet?

Arbeidsgiver

Nevrologisk post, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
12. januar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi har no ledig ei fast 50 % stilling som sjukepleiar. I tillegg har vi ledig eit 50 % vikariat. 

Hos oss får du jobbe tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Kvardagen er variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg team med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og flinke kollegaer som jobbar tett saman. 

Avdelinga vår består av poliklinikk, EEG-laboratorium og ein sengepost med 14 plassar – 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon.

Nevrologi er eit spennande fagfelt i rask utvikling – og hos oss får du møte både akutt og kronisk sjuke pasientar. Vi ser heile mennesket, både dei fysiske og psykososiale behova, og jobbar tett på både pasientar og pårørande. Du blir ein del av eit kollegium som stiller opp for kvarandre og gir deg ansvar og støtte i kvardagen.

Vi har fokus på fag og kvalitet – hos oss er både kursdagar og personalmøte ein fast del av turnusen. I 2027 flytter vi inn i heilt nye og moderne lokale, noko vi ser fram til.

Stillingane kombinerast til ei 100 % stilling i vikariatperioden.

👉 Høyres dette spennande ut? Vi håper du har lyst til å bli med oss. Snarleg oppstart er ønskeleg. 


Kva går jobben ut på?

  • Ta imot og følgje opp pasientar gjennom heile opphaldet
  • Utføre vanlege sjukepleieoppgåver og få opplæring i spesialiserte prosedyrar, som å assistere ved spinalpunksjon, gi intravenøs behandling og handtere trakeostomi
  • Gi opplæring og rettleiing til pasientar og pårørande
  • Samarbeide tverrfagleg for å sikre eit godt og trygt opphald for pasientane
  • Rettleie studentar og bidra til fagleg utvikling i avdelinga

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode IKT - kunnskapar, gjerne erfaring med DIPS og Meona
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske -statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er motivert, har interesse for faget og møter på jobb med god arbeidsmoral
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
  • har god vurderingsevne, arbeider strukturert og kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • trivst både med samarbeid og når du jobbar sjølvstendig
  • er nysgjerrig og ser etter løysningar når det trengst

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Kvifor skal du velje oss?

  • Varierte arbeidsoppgåver.
  • Opplæring på spesialkompetanse på tracheostomi.
  • Fagleg utvikling gjennom kursdagar i turnus og moglegheit for å delta på kurs.
  • Tilrettelegging for videreutdanning av ansatte i faste stillinger.
  • Verneombud, tillitsvalgt, kollegastøtteordning, fagsjukepleiar.
  • God opplæring. Vi tek godt vare på deg heile opplæringstida.
  • Ein spennande avdeling med godt arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Håvard Lauritsen Øvrebø, Funksjonsleder, 94841871, havard.lauritsen.ovrebo@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5051420111
Stillingsprosent: 50%
Fast, Vikariat
Startdato: 12.01.2026
Søknadsfrist: 22.12.2025

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2f434026-1c19-4650-ab07-d5fedd64bd51

Sist endret

23. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

5c979f05642b42be8d00a41fcb70c47d

Lignende annonser

Laster lignende annonser