Hopp til innhold

Lærar, 60% vikariat 

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing 60% vikariat lærar 2026/2027
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Om stillingane  

Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har ledig 60% vikariatstilling som lærar for skuleåret 2026/2027 (01.08.2026 - 31.07.2027). Me er i utgangspunktet på jakt etter nokon med grunnskulelærararutdanning på 1-7 klasse med kompetanse innan begynnaropplæring. 

Eivindvik barnehage og skule består av 1-10- skule, SFO og barnehageavdeling. Det er pr. no 65 elevar ved skulen. Klikk deg inn her for meir informasjon om skulen. 


Arbeidsoppgåver/kompetanse 

Eivindvik barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. 

Til dette vikariatet søkjer me i utgangspunktet etter grunnskulelærarar på 1-7 klasse med kompetanse innan begynnaropplæring. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er naudsynt. Gyldig politiattest utan merknad må framvisast før oppstart for den som får tilbod om stillinga. 


Personlege eigenskapar 

  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Kontaktperson for stillingen

Veslemøy Dingen

Einingsleiar Eivindvik barnehage og skule

+4794826408

veslemoy.dingen@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2e3b504f-b776-46ae-95e5-2b9a820f6206

Sist endret

25. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288688

Lignende annonser

Laster lignende annonser